Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Geofysiske metodar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gjere studentane kjende med dei viktigaste geofysiske prinsipp og metodar for å studere jorda si indre oppbygging, utvikling og dynamikk, samt kartlegge strukturer og georessursar i jordskorpen.

Prinsipp og metodar for refleksjon og refraksjon av seismiske bølgjer frå jordskjelv og kunstige kjelder vil bli gjennomgått. Magnetiske, gravimetriske, elektriske og elektromagnetiske metodar for kartlegging av jordskorpen og dens utvikling, radioaktiv aldersbestemming av bergarter, jordskjelvmekanismar og varmestrøm i jorda er andre hovudtema. Dei enkelte metodane og deira bruk vil bli belyst gjennom eksempel og rekneøvingar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • skildre prinsipp for refleksjon og refraksjon av seismiske bølgjer, og deira tyding for kartlegging av jordskorpa og jorda si indre oppbygging
  • forklare samanhengen mellom jordskjelv og ulike forkastningsmekanismar, og ulike metodar for å styrkebestemme og lokalisere jordskjelv
  • forklare grunnprinsippa for magnetiske, elektriske, elektromagnetiske og gravimetriske metodar for å studere jordskorpen og dens utvikling
  • beskrive grunnprinsippa for radiometrisk datering av bergarter og varmestrøm i jordskorpa.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • anvende grunnleggjande prinsipp for å analysere og visualisere ulike typar geofysiske data
  • gjennomføre grunnleggjande matematiske berekningar knytt til geofysisk dataanalyse
  • diskutere korleis ulike geofysiske metodar brukast til løysing av konkrete geofaglege problem.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • anvende eit presist fagspråk til å skildre og diskutere geofysiske metodar og deira bruk
  • demonstrere emne til å jobbe individuelt og i samarbeid med andre
  • gjennomføre enkle feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT101 eller MAT111

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

48 timer førelesingar (4t/uke)

36 timer øvingar (3t/uke)

1 dag feltkurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske øvingar i grupper
Godkjend obligatorisk feltrapport (godkjend/ikkje godkjend)
Godkjende obligatoriske aktiviteter er gyldige i 2 påfølgjande semester

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

  • quiz, utgjør 20% av karakteren
  • øvingar, utgjør 30% av karakteren
  • 3 timar skriftleg eksamen, utgjør 50% av karakteren.

Alle vurderingsdelar må vere bestått med karakteren >F for å få endeleg vurdering i emnet.

Digital eksamen, sjå http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOF161

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    11.06.2019, 15:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    28.05.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen