Innføring i geobiologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGEOV114
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor - og masternivå
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje ei innføring i jorda som eit dynamisk system der biosfæra er ein aktiv komponent. Det komplekse geosystemet har ei lang historie der prosessane og vekselverknadane mellom desse har utvikla seg. Emnet skal formidle forståing for grunnleggande geobiologiske prosessar, dokumenterte storskala endringar, samt menneska sin plass i, og innverknad på, geosystemet.
Innhald:
Emnet vil formidle korleis sentrale biologiske prosessar (f.eks. fotosyntese, biomineralisering) har påverka geosystemet (f.eks. atmosfærekjemi, globale biogeokjemiske krinslaup). Emnet tek vidare opp koplinga mellom livet si utvikling på jorda og storskala endringar i paleogeografi og globalt klima med eksempel frå Noregs geologiske historie.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare sentrale omgrep, definisjonar og teoriar (f.eks. geologisk tid, geosystemet, geobiologi, karbonkrinslaupet, evolusjon)
- forklare korleis geo- og biosfæra kan påverke kvarandre (f.eks. biogeokjemiske kretsløp)
- demonstrere korleis den geologiske tidsskalaen er organisert hierarkisk og systematisk, samt forklare korleis den er konstruert
- diskutere kva for konsekvensar ulike geodynamiske prosessar (f.eks. endringar i paleogeografi, vulkanisme) har hatt for hav, klima og liv.
- gi att hovudtrekka i livet si utvikling på jorda, med eksempel frå fossilrekka
Ferdigheiter
Studenten kan
- gjennomføre kvantitative analyser (f.eks. estimere utslettingsratar frå globale fossildatabaser) og summere opp data/resultat grafisk
- programmere enkle dynamiske modeller (f. eks. ein to-boksmodell av karbonkretsløpet) og diskutere dynamisk åtferd (f. eks. tilbakekoplingar)
- tolke (lese og forklare) grafar og figurer med geosystemdata (f.eks. tidsseriar)
- forklare og diskutere korleis geo- og biosfæra kan påverke kvarandre
- gjennomføre enkle søk etter relevant geovitskapleg litteratur, samt sitere kjelder korrekt
Generell kompetanse
Studenten kan
- anvende eit presist fagspråk til å beskrive og diskutere prosesser og hendingar
- erkjenne, vurdere og formidle menneska si binding til og innverknad på geosystemet
- demonstrere evna til å fungere individuelt og opptre etisk i samarbeid med andre
- gjennomføre feltarbeid på ekskursjon i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer
Krav til forkunnskapar
GEOV101 - Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen fra 2012 eller senere); 5 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen før 2012)
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriegrupper, seminar og feltkurs.
Førelesning og/eller seminar, 2 timer i veka i 11 veker.
Øvingar, 4 timer i veka i 11 veker.
Ekskursjon, 4 dagar i veka i 1 veke.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på øvingar og innlevering av oppgåver.
Deltaking på seminar og innlevering av seminaroppgåver.
Deltaking på feltkurs og innlevering av feltrapport.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Mappevurdering (innleverte oppgåver frå øvingar og seminar, samt ekskursjonsrapport)
Karakterskala
Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Haust. Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Institutt
Institutt for geovitenskap
Kontakt
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.