Platetektonikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Jordas ytste del er satt saman av eit begrensa antal stive plater som beveger seg i forhold til kvarandre langs dynamisk aktive grenser. Målet med emnet er å gje ein oversikt over dei fysiske kreftene som styrer mantelkonveksjon, og koplinga mellom denne og dynamikken til platene. Studentane vil få inngåande kunnskap om dei geologiske prosessane som styrer havbunnsspreiing, oppsprekking av kontinent, kontinentkollisjonar, fjellkjededannelse, subduksjonssoner og laterale skjærsoner. Emnet vil også diskutera samanhangen mellom platetektonikk og mantelplumer, samt platetektoniske forhold på andre telluriske planetar.

Innhald:

Kurset er delt i to delar. I del 1 vert dei viktigaste elementa i global platetektonikk og samspelet mellom dei fysiske kreftene som styrer denne, introdusert. I denne delen vil ein kort introduksjon til geodynamiske prinsipp gje studentane eit nytt reiskap til å studera ulike geologiske prosessar som heng saman med platetektonikk; frå danninga av havbotnskorpe til den vert subdusert under vulkanske øybuer. I del 2 vert andre viktige faktorar som kontrollerer platetektonikk, som varmestrøm, bergartsstyrke, deformasjonstypar og ulike modellar for kontinentalstrekking, introdusert. Utviklinga av nord-Atlanteren vert gjennomgått i detalj, frå subduksjon, via kontinentalstrekking, til dannelse av havbunnsskorpe langs den midt-Atlantiske rygg.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan beskriva kva som karaktereriserer platene som dannar jordas ytre skal
  • kan diskutera dei viktigaste geologisk prosessane som er aktive der platene møtes; både langs konvergerande, divergerande og masse-konserverande grenser
  • kan forklara dei geokjemiske forskjellane mellom bergartar laga ved oseane spreiieryggar, intra plate vulkanar og subduksjonssoner
  • kan diskutera hovedgrunnane for at det ikkje foregår signifikant platetektonikk på våre naboplanetar i solsystemet
  • kan diskutera dei viktigaste faktorane som knyt saman mantelkonveksjon og platetektonikk; slik som varmestrøm, bergartsstyrke, deformasjonsmekanismar, bergartskrystallisering
  • kan diskutera den geologiske utviklinga av nord-Atlanteren frå Paleosoikum til i dag; med fokus på interaksjonen mellom tektoniske og magmatiske prosessar gjennom kontinentalrifting og havbunnsspreiing

Ferdigheiter

Studenten

  • kan tolka generelle bergartstypar frå geofysiske modellar
  • kan identifisera og diskutara geologiske prosessar og utvikling frå geofysiske modellar
  • kan utføra enkle kvantitative analyser; som platehastigheit, magma produksjonsrate
  • kan utføra enkle søk etter relevant vitskapleg litteratur, og referera til desse på ein korrekt måte
  • kan identifisera moglege vitskaplege paradigmeforskjellar mellom `skular¿ innan platetektonikk høvesvis mantelplumar
  • kan gjenkjenna ulike platetektoniske trekk i batymetriske kart

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytta eit presist vitskapleg språk som knyt ulike geologiske prosessar til platetektonikk
  • kan erkjenna og kommunisera menneskeheita si avhengigheit av platetektoniske prosessar
  • har tileigna seg generell kompetanse om platetektoniske prosessar som kan nyttast i andre vitskaplege disiplinar
  • kan kritisk vurdera styrkane og veikskapane til geofysiske modellar og korleis dei kan tolkast geologisk
  • har demonstrert kompetanse i vitskapleg etikk og evna til å arbeida både uavhengig og i lag med andre

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOF290, og 5 sp overlapp med GEOV333
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Del I (6 veker) - Førelesningar, 4 timar/veke

Del II datainnsamling (6 veker) - Førelesningar og e-modular, 4 timar/veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må levera inn to skriftlege oppgåver (ein for kvar del av kurset) for å få lov til å ta skriftleg eksamen. Desse oppgåvene er berre gyldige for semesteret kurset vert undervist og for påfølgjande semester (for tidleg eksamen om våren).
Vurderingsformer
  • Skriftlege oppgåver utgjer 40% av karakteren.
  • Skriftleg eksamen (4 timar) utgjer 60% av karakteren.
  • Karakterskala
    Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Graden A er best mogleg karakter, medan F er stryk.
    Vurderingssemester
    Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der
    Emneansvarleg
    Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
    Administrativt ansvarleg
    Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.