Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Paleomagnetiske metoder

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOV211
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å introdusere studentane til dei viktigaste metodane som brukast til paleomagnetiske og bergartsmagnetiske analyser av bergartar og sediment, samt deira bruksområde i geologiske, geofysiske og miljømessige samanhengar. Emnet tek og sikte på å gje meir generell trening i presentasjon, analyse, tolking og rapportskriving knytt til vitskaplege data.

Emnet består av åtte separate øvingar som gjev ei innføring i ulike metodar og instrument. Før kvar øving blir relevant teori og bakgrunnstoff presentert som grunnlag for arbeid på laboratoriet og etterfølgjande dataanalyse, tolkning og rapportskriving. Sentrale tema er måling av magnetiske remanensvektorar, demagnetisering og retningsanalyse, susceptibilitet og magnetisk fabric, samt metodar for identifikasjon av ulike magnetiske mineral og deira domenetilstand.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • gjere greie for for grunnleggjande teori relevant for ferromagnetiske og paramagnetiske mineral og magnetiseringsprosessar i bergartar.
  • forklare samanhengen mellom ulike magnetiske parametre, kornstørrelse, miljø og magnetisk mineralinnhold

Ferdigheiter

Studenten kan

  • anvende dei vanlegaste instrumenta for paleomagnetiske og bergartsmagnetiske analysar
  • analysere magnetiske remanensretningar, og tolke desse i ein tektonisk eller stratigrafisk samanheng
  • identifisere dei vanlegaste magnetiske mineral i bergartar og sediment ut frå ulike laboratorieanalyser
  • gjennomføre måling av magnetisk fabric, og tolke resultata i lys av sedimentære, tektoniske og magmatiske prosessar.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • presentere måledata gjennom tabellar og figurar, og analysere og tolke resultata i ein skriftleg rapport
  • vurdere pålitelegheita av måleresultat og ta omsyn til mogelege feilkilder under tolking av resultata

Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Tilrådde forkunnskapar

GEOV111

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

16 timer førelesingar (2t/uke)

32 timer laboratorieøvingar (4t/uke)

8 timer seminar (1t/uke)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs. Godkjente obligatoriske aktivitetar er gyldig i 3 semester, inkludert semesteret dei først vart godkjente.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
laboratoriejournal (70%) og avsluttande munnleg eksamen (30%)

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOF280

Vurderingssemester

Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg i semestra emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap,E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Mappeevaluering + skriftleg eksamen

    Trekkfrist
    09.02.2018
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen