Paleoklimatologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å formidle ei heilskapleg forståing for globale klimamønstre gjennom geologisk tid, og for mekanismar som er assosierte med endringar i desse. Emnet undersøkar det globale klimasystemet i kenozoikum, og samanliknar geologiske datasett som syner klima i tidlegare tider med det noverande for a vurdere korleis jorda si klimahistorie kan forklare og avgrense moglege klimaendringar i framtida. Eksempel på studiar av fortida si klimavariabilitet frå tektoniske til mellomårlege tidskalaer vert undersøkte. I kurset nytter ein artiklar og nettressursar til undervisning i førelesningar, seminardiskusjonar og klasseaktivitetar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • forklare på kva måte og kvifor jorda sitt klima har endra seg i løpet av kenozoikum (f.eks. på tektoniske, orbital, og ned på samfunnsmessig relevante tidsskalaer)
  • forklare dei metodane som vert nytta for å rekonstruere paleoklima, illustrere deira bruk og skildre deira avgrensingar

Ferdigheiter
Studenten kan

  • utføre kvantitative analyser og applisere enkle modellar (f.eks. tolke isotopdata, bruke boksmodell til å utforske klima-karbon interaksjonar)
  • summere opp observasjonar/data/prinsipp grafisk
  • kjenne att og diskutere kva for faktorar som avgjer globalt og regionalt klima, deriblant karbonkrinslaupet, platetektonikk, solinnstråling, og hav-atmosfære-sirkulasjon
  • analysere paleoklimatiske data og trekke logiske slutningar om tidlegare klimaendringar

Generell kompetanse
Studenten kan

  • reflektere, vurdere, og kommunisere jorda si klimahistorie og menneske si rolle i klimasystemet
  • demonstrere evna til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
  • presentere, diskutere, og kritisk vurdere primærkjelder

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
GEOV101
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
GEOL222: 10 sp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, øvingar, og seminar.

Førelesning og/eller seminar, 4 timer i veka i 11 veker.

Øvingar, 2 timer i veka i 11 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på øvingar og innlevering av oppgåver.
Deltaking på seminar og innlevering av seminaroppgåver.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
Undervegsvurdering basert på labøvingar (40 %) og 4 timar skriftleg eksamen (60 %).
Begge deler må bestås for å få endeleg vurdering i emnet.
Digital eksamen, se www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret. Ved eventuell tidleg eksamen i påfølgjande semester vil resultatet frå dei andre vurderingsdelane stå. Disse kan ikkje tas opp igjen, i semester utan undervisning.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Tillate hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.