Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Lab- og metodekurs i kvartærgeologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor - og masternivå

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Metodane nytta i kvartærgeologisk/naturgeografisk forsking er i stadig endring, og det kjem heile tida til ny teknologi som vert teken i bruk for å betre kunne studere prosessmiljøa og sedimenta som vert avsett av ulike eksogene prosessar. Målet med emnet er å gje ei innføring i ulike metodar som vert nytta til å gjennomføre kvartærgeologiske og naturgeografiske forskingsprosjekt, og gjere studentane betre rusta til å møte dei praktiske utfordringane knytt til felt- og laboratoriebaserte forskingsprosjekt i kvartærgeologi, naturgeografi og paleoklima.

Emnet tek sikte på å gje ei innføring i ulike metodar for å studere overflateformar og sedimentære avsetningar (kvartærgeologisk kartlegging, drone-fotogrammetri, georadar, LiDAR, CHIRP, ekkolodd etc.), samt korleis ein kan samle inn geologiske prøvar frå jordoverflata (sedimentkjernar, jordprøver etc.). Vidare vil ein arbeide med dei same prøvane og data som ein har samla inn gjennom feltarbeidet i laboratoriet, der ein vil få innføring i ein del sentrale metodar (magnetiske-, geokjemiske- og fysiske sedimentparametre etc.) for å kunne karakterisere sedimenter avsett av ulike geomorfologiske agensar. Ein vil også arbeide med ulike metodar for å handsame geografisk informasjon samla inn under feltarbeidet (georadardata, djupnedata frå innsjøar, kartdata etc.), og det vil bli gjeven ei innføring i statistiske metodar, samt handsaming og visualisering av kvantitative data. I dette arbeidet vil ein få kjennskap til ulike typar programvare som til dømes ArcGIS Pro, RadExplorer, PiX4D, R, Microsoft Excel.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • identifisere dei viktigaste metodane som nyttast i kvartærgeologisk feltarbeid
  • skissere kva teknikkar som eignar seg for analyse av ulike sedimenttypar i laboratoriet basert på gitte problemstillingar
  • vite korleis ein kan innhente og skildre geofysiske feltdata
  • vite korleis ein kan presentere og tolke geografiske data som kan nyttast i forskingssamanheng

Ferdigheiter

Studenten kan

  • planleggje og gjennomføre feltarbeid basert på gitte problemstillingar
  • nytte ulike typar prøvetakingsutstyr for å ta borkjernar i innsjøar
  • summere og tolke informasjon innhenta med ulike geofysiske metodar
  • tolke kvartærgeologiske kart, seismiske diagram og grafar som skildrar tidsseriar
  • framstille og drøfte data som er samla inn med ulike feltteknikkar
  • konkludere om genese og prosessmiljø for ulike typar innsamla geologisk materiale

Generell kompetanse

Studenten kan

  • vurdere kva feltteknikkar som kan nyttast til å løyse ulike kvartærgeologiske problemstillingar
  • planleggje og gjennomføre feltarbeid i samsvar med gjeldande HMS-retningslinjer
  • planleggje og gjennomføre eit laboratorieforsøk i samsvar med gjeldande HMS-retningslinjer
  • kan demonstrere evne til å arbeide individuelt og i gruppe i feltsituasjonen og på laboratoriet

Krav til forkunnskapar

GEOV101, GEOV102,GEOV104, GEOV107, GEOV111 samt GEOV106 eller GEOV110

Tilrådde forkunnskapar

Bachelor i geovitskap (geologi, geofysikk) eller tilsvarande, GEOV225.

Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen fra 2012 eller senere); 5 sp overlapp med GEO313 (for studenter med eksamen før 2012)

Krav til studierett

Ope for studentar på masternivå eller 5. semester bachelor som oppfyller forkunnskapskravet.

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet 

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar/forelesning: kvar veke (unntatt veker med felt- og laboratorieøvingar)

Feltøvingar: tre dagar

Laboratorieøvingar: tre dagar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Refleksjonsnotat, posterpresentasjon, samt deltaking på seminar og på felt-/laboratorieøvingar

Godkjende obligatoriske arbeidskrav kan berre gjennomførast ein gong og har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Mappevurdering av:

Gruppevis presentasjon - 25 %

Flervalgsprøve/quiz (individuell) - 25 %

Semesteroppgåve (individuell) - 50 %

Alle deler av mappevurderingen må være godkjent i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

 Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Jostein Bakke

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Institutt

Institutt for geovitenskap

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@geo.uib.no

Eksamensinformasjon