Hjem
Studentsider
Masteremne

Kvartær geokronologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOV228
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masternivå

Undervisningssemester

Vår.

Emnet vert ikkje undervist ved lågt studenttal og inngår derfor i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi ei innføring i prinsipp og bruksmåtar til nøkkelmetodar som blir nytta for å bestemme hastigheit og alder for kvartærgeologiske og paleoklimatiske hendingar. Emnet legg vekt på å trene masterstudentar i kritisk vurdering av eksisterande geokronologiske data og i korleis dei kan nytte kvartære dateringsmetodar i eigne prosjekt.

Emnet skal legge til rette for at masterstudentar kan arbeide med eigenproduserte data, og/eller med tidlegare publiserte data som er relevante for deira prosjekt.

Innhald:

Emnet tek opp teori og metode for ei rekke dateringsmetodar, inkludert radiokarbon, uran-seriar, in situ kosmogene nuklidar, luminescens, tefra- og dendrokronologi. Emnet legg vekt på den praktiske bruken av desse metodane, kritisk vurdering av resultata dei gir, og relevant god praksis innan kvartærvitskap.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • kan forklara dei viktigaste omgrepa, definisjonane og teoriane som er relevante for kvartær geokronologi (t.d. geologisk tid, radioaktivitet, presisjon og nøyaktigheit, usikkerheit)
  • kan forklare og samanlikne metodespesifikke prinsipp, deira teoretiske grunnlag, fordeler og avgrensingar
  • kan kritisk vurdera resultata oppnådd ved bruk av ulike dateringsmetodar (numeriske, relative, korrelasjon) med omsyn til geokronologisk og geologisk kontekst

Ferdigheiter

Studenten

  • kan argumentera for kva(e) metode(r) som skal brukast for å bestemma hastigheiter og aldrar for geologiske og paleoklimatiske hendingar for eit gitt materiale og/eller eit gitt vitskapleg spørsmål
  • kan utføra enkle metodespesifikke utrekningar for datering av geologiske prøvar, ved hjelp av rekneark, metodespesifikke kodar og nettbaserte ressursar med open tilgang
  • kan identifisera geologiske prosessar som har metodespesifikke implikasjonar, undersøka desse med omsyn til korleis dei påverkar resultata, og vurdera korleis dette igjen kan påverke tolkingar
  • kan illustrere observasjonar, data, analysar og resultat grafisk

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte presis terminologi for å demonstrere og samanfatte geologiske prosessar, geokronologiske arkiv, materiale og metodar
  • kan integrere, analysere, tolke og kritisk vurdere geokronologiske data for å teste vitskaplege hypotesar
  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar med open tilgang for å henta relevant informasjon

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i geovitskap

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEOL328

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev. opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gitt i form av førelesingar og øvingar.

Førelesing og/eller øving, 4 timer i veka i 12 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på alle øvingar og innlevering av alle oppgåver. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgjande semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Mappevurdering. I mappa inngår resultat frå øvingsdelen samt ein justerande munnleg prøve.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@geo.uib.no