Geomorfologi
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeGEOV229
- Talet på semester1
- SpråkNorsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Vår. Siste gang våren 2023.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje ei oversikt over landformer, landformdannande prosessar og landskapsutvikling. Emnet vil særleg ta for seg dei ulike prosessane som former landskapet og korleis desse avhenger av klima og tektoniske regime, og tid. Emnet skal vidare formidle forståing for dei landformdannande prosessar på ulike romlege og tidsmessige skalaer.
Innhald:
Emnet tek opp tema som tilhøvet mellom landformer, struktur-, berggrunns- og lausmassegeologien, samt ulike modellar for landskapsutvikling omkring i verda, med særlig vekt på Norge. To viktige delar av kurset er feltarbeid og skriving av individuelle tekstar (essay) og gruppearbeid i felt eller på datalab. Begge inkluderer søk etter relevant informasjon, korrekt bruk av sitering i teksten og referansehandsaming. Skriving av individuelle tekstar inkluderer i tillegg å gi tilbakemelding på tekstar skrive av medstudentar (fagfellevurdering), samt handsaming av tilbakemelding motteke på eigne tekstar. Det blir forventa at tekstane vert reviderte før endeleg innlevering. Gruppeprosjektet skal helst vere felt-basert, men kan og ta utgangspunkt i GIS og/eller modellering. Gruppene må i samård med undervisar, sjølve planleggje og gjennomføre arbeidet innanfor ei avtalt tidsramme. Presentasjon av gruppene sine prosjekt kan skje på ulike måtar (rapport, artikkel i Grind, poster, film) som vert avtalt tidleg i semesteret.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare sentrale omgrep, definisjonar og teoriar (f.eks. tenkemåtar knytt til geomorfologi)
- beskrive landformer og landformdannande prosessar i ulike klimasoner og tektoniske regime
- forklare ulike teoriar og modeller for landskapsutvikling
- diskutere mikro- til mega-skala landformers danning og levetid
- vurdere danningsmåte, alder og historie til landformer i Norge
Ferdigheter
Studenten kan
- planlegge og gjennomføre en geomorfologisk feltundersøking (inkl. observasjon, tolking, rapportering)
- søke opp og finne relevant informasjon for belysning av geomorfologiske problemstillingar
- vurdere kva som krev sitering til kjelder i egne tekster, samt anvende eit relevant referansehandsamingsverktøy
- samanlikne og drøfte danninga av storskala landformer som involverer både eksogene og endogene prosesser
Generell kompetanse
Studenten kan
- anvende eit presist geologisk fagspråk til å skilde og diskutere geologiske prosessar, fenomen og teoriar
- demonstrere evna til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre i profesjonen
- erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i geosystemet, og vår avhengigheit av og verknad på geosystemet
- gjennomføre feltarbeid i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer
- anvende feltbaserte teknikkar for å tileigne seg og arbeide med geovitskapelege data
- anvende bibliotek og vitskapelege databasar til å hente inn relevant informasjon, samt sitere korrekt til kjeldene
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
5 sp overlapp med GEOL320 og GEOL329
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går flre seg i form av seminar, sjølvstendig arbeid og arbeid med individuelle tekstar og gruppearbeid.
Seminar, 2 timer i veka i 15 veker.
Feltarbeid, 2-3 dagar i løpet av semesteret.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av individuelle tekstoppgåver og tilbakemelding på andre sine tekstar.
Gruppevis planlegging og gjennomføring av feltprosjekt med rapporterin (presentasjon).
Individuelle refleksjonsnotat inngår i mappa.
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 2 påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Mappevurdering.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er berre mogelegheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i dei semester emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet ved Institutt for geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Mappeevaluering
- Innleveringsfrist
- 02.06.2023, 09:00
- Trekkfrist
- 01.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen