Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Maringeologisk felt- og laboratoriekurs

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOV231
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen, samt tokt på fjorder langs Vestlandet.

Mål og innhald

Mål og Innhald:
Emnet gir ei praktisk innføring i bruk av maringeologiske og maringeofysiske instrument og feltmetodikk for innsamling og analyse/tolking av seismiske profilar, batymetridata og sedimentkjernar. Det vil bli gitt ei teoretisk innføring i dei metodane som blir nytta under innsamling av data i felt og på laboratoria. Det vil verte gitt ei teoretisk innføring i dei metodane som vert nytta under innsamling av data i felt og på laboratoriet. Studentane skal utføre ei tolking av dei innsamla akustiske dataa samt skildre og utføre analysar på innsamla kjernemateriale og presentere resultata og diskutere i ein rapport.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • kan forklare sentrale omgrep, definisjonar og teoriar innanfor faget
  • kan klassifisere og eksemplifisere dei viktigaste marine erosjons- og avsetningsformene som opptrer i glasiale-interglasiale miljø
  • kan gjere greie for hovudtrekka i den geologiske utviklingshistoria (marin og terrestrisk) i seinglasial og holocen tid i studieområdet
  • kan skildre og forklare metodane som blir brukte til å rekonstruere erosjons- og avsetningshistoria i marine fjord- og sokkelbasseng og korleis denne kan sporast i geologiske arkiv

Ferdigheiter
Studenten

  • kan demonstrere og praktisere dugleikar i datainnsamling både under feltarbeid og på sedimentlaboratoriet
  • kan stille saman, tolke og summere forskjellige geologisk arkiv og observasjonar/data/prinsipp med grafar og figurar med geosystemdata (f.eks. seismiske profilar, kjernedata, tidsseriar)
  • kan gjennomføre tolking og felt- og laboratorieundersøkingar av innsamla feltdata og stille saman desse dataarkiva
  • kan gjennomføre enkle søk etter relevant geovitskapelig litteratur og data, samt bruke korrekt kjeldereferanse
  • kan samanlikne og drøfte forskjellige geologiske prosessar som har implikasjonar for bruk av dateringsmetodar og tolking av dateringsresultat

Generell kompetanse
Studenten

  • kan bruke eit presist geologisk fagspråk til å skildre og diskutere maringeologiske prosessar og hendingar
  • kan planleggje og gjennomføre maringeologisk tokt og bruke geologiske og geofysiske metodar og integrere, analysere, tolke og kritisk diskutere resultata og å presentere resultata i ein skriftleg rapport
  • kan presentere datainnsamlinga, metodar, resultat og geologisk tolking i ein rapport der både stratigrafien og dei geologiske prosessane i studieområdet er skildra
  • kan demonstrere evna til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • kan gjennomføre laboratorie- og feltarbeid/tokt i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningslinjer

Krav til forkunnskapar

GEOV101 og GEOV108 eller GEOV110

Tilrådde forkunnskapar

GEOV113

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultete

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga gis i form av førelesningar, feltaktivitet og øvingar.
Førelesning/øvingar/laboratoriearbeid/dataanalyse, 4 timar per veke i 16 veker

3 dagar i felt med marint tokt (feltdagane har ikkje nokon bestemt vekenummer, men kan variere frå år til år; som regel i vekene 5-8).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

3 dagars feltkurs (tokt). Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig i 3 semester, inkludert semesteret dei vart godkjente.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer: Rapport.

  • Skriftleg rapport på eitt gitt datasett (seismikk og kjernar).

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOL201

Vurderingssemester

Vår. Det er berre mogeleg å vurderingsmelde seg og levere rapport dei semestera emna er underviste i.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no
Tlf 55 58 35 19

Eksamensinformasjon