Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Miljøgeokjemi

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje ei kvalitativ og kvantitativ innføring i akvatisk geokjemi. Kurset omfattar kvalitative begrep slik som stabilitet av mineral og oppløyste kjemiske komponentar, kjemisk forvitring av mineral og bergarter, samansetjing av naturleg vatn, og globale geokjemiske syklusar. Kurset vil omfatte kvantitative omgrep slik som ein introduksjon til termodynamiske data og bruken av slike data i berekningar, korleis stabilitetsdiagram for mineral/vassløysingar konstruerast, og korleis reaksjonar kan kvantifiserast (kinetikk). Praktiske øvingar vil omfatte bruk av geokjemiske og termodynamiske data for å løyse problem knytt til samansetjing og spesiering av element i naturleg vatn, væske-bergart og væske-væske interaksjonar, og gje ei innføring i geokjemisk modellering av vatn-bergart reaksjonar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten

  • kan forklare grunnleggjande omgrep i kinetikk og likningar som styrer reaksjonsrater
  • kan forklare kva som er dei viktigaste kjemiske element og forbindelsar i elvevatn og sjøvatn og forklare forskjellane og opphavet deira

Ferdigheiter
Studenten

  • kan forklare viktige prinsipp for oseanske elementbudsjett og massebalansar
  • kan oppsummere dei viktigaste globale karbonreservoara og fluksen mellom desse, og forklare dei viktigaste prosessane som styrer den globale karbonsyklusen
  • kan demonstrere konstruksjon og balansering av kjemiske likningar for forvitring og andre viktige geokjemiske reaksjonar
  • kan bruke termodynamiske data for å rekne ut løyselegheita til mineral og konstruere stabilitetsdiagram

Generell kompetanse
Studenten

  • kan anvende geokjemiske analysar av bergarter og vatn for å bestemme og kvantifisere forvitringsreaksjonar
  • kan demonstrere dei viktigaste faktorane som styrer forvitringsrater

Krav til forkunnskapar

GEOV101.

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet.

Tilrådde forkunnskapar

GEOV101, GEOV109, KJEM110, KJEM120

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av førelesningar, praktiske øvingar og skriftlege oppgåver

Forelesning: 2 timer/veke

Praktise øvingar/laboratoriearbeid: 2 timer/veke i 8 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av øvingar. Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldig i tre (3) semester, inkludert semesteret dei var godkjende.

Vurderingsformer

Mappevurdering.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOL240 og GEOL243

Vurderingssemester

Vurdering berre i semester med undervisning.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
Studierettleiar@geo.uib.no
Tlf 55 58 35 19

Eksamensinformasjon