Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Petroleumsgeologi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOV260
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til petroleumgeovitskap med fokus på utforsking i ein global samanheng. Det blir gitt ei innføring i ulike utforskingstrategiar, og ein går igjennom dei viktigaste typane av geologiske data som blir nytta i utforsking.

Kurset er delt i 4 hovudtema:

  • oversikt over petroleumgeovitskap og dei data som blir nytta
  • «Subsurface environment» og hovudtypar av data som blir nytta i studiet av undergrunnen
  • «play fairway» analyse og element som inngår i omgrepet «petroleum play»
  • eksempel på petroleumprovinsar

Studenten vil få bakgrunnkjennskap i teoriar og omgrep gjennom forelesingar, og praktisk erfaring ved å arbeida med geovitskapelege data.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:
Studenten

  • kan forklare kva hydrokarbon habitat er og kjenne til dei viktigaste utforskingstrategiane
  • kan greie ut om dei forskjellige typane av geovitskapelege data blir nytta i utforsking, korleis dei vert nytta, og deira pålitelegheit
  • kjenner til ein eller fleire petroleumprovinsar og kan diskutera kva slag geologiske element som er avgjerande for at desse er ein økonomisk suksess eller fiasko

Ferdigheiter:
Studenten kan

  • forklare omgrepet «petroleum play», og greie ut om kva slag elementar som inngår (dvs kjeldebergartar, reservoarbergartar, forseglande bergartar, og hydrokarbongenerering relativ til felletypar som er til stades)
  • beskrive og tolke relativt enkle datasett frå brønnar i eit felt og gjere ei geologisk vurdering av feltet, og foreta ei berekning av petroleumreservane

Generell kompetanse
Studenten kan

  • nytta eit geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geovitskapelege problemstillingar relatert til petroleumutforsking
  • arbeide i gruppe med tolking av subsurface dataset

Krav til forkunnskapar

GEOV101

Tilrådde forkunnskapar

GEOV107

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar: 1- 2 timar pr. veke i 13 veker

Øvingar: 1 - 2 timar pr. veke i 12 veker som dekker fylgjende tema: «play fairway» øving, log tolking/formasjonevaluering, seismisk tolking, ´Taminga´integrerte øvingar, og hydrokarbon provins case study.

Fortløpande tilbakemelding på innleverte øvingar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Øvingar: obligatorisk deltaking og innlevering. Alle øvingar skal vere godkjende for å få endeleg vurdering i emnet.

Vurderingsformer

Multiple-choice skriftleg eksamen - 4 timar. Digital eksamen, se http://www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter

Hjelpemiddel til eksamen

Alle kalkulatorar tillatne, i samsvar med fakultetet sine reglar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

10 sp overlapp med GEOL260

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    20.09.2019, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    06.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted