Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Bassenganalyse og tolking av undergrunnsdata

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 stp. 

Studienivå (studiesyklus)

Bachelorgrad/Mastergrad

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å gje studentane den teoretiske bakgrunnen og dei praktiske evnene i strukturgeologi, sedimentologi og stratigrafi som trengs for å forstå og tolke utviklinga av sedimentære basseng. Dette er viktig for å utnytte ressursar i undergrunnen.

Eit viktig aspekt av kurset er å utvikle ei integrert forståing av den strukturelle og sedimentære geologien til sedimentære basseng og korleis dei  blir fylt opp av stratigrafi. For det fyste gjer kurset oversikt over dei viktigaste typane av sedimentere basseng og kontroller på bassenginnfylling. For det andre går ein gjennom ei oversikt over seismisk stratigrafi, deretter analyse av bassengdannande strukturar i seismiske data, inkludert gjenkjenning og bruk av syntektoniske vekstlag for å forstå utviklinga av strukturar. For det tredje gjer kurset ei oversikt over kjerneanalyse og standard brønnloggingsverkty, og korleis de blir brukt i sedimentær og stratigrafisk tolking. Praktiske øvingar er ein stor del av kurset, og verkelege data frå den norske kontinentalsokkelen  og andre sedimentære basseng blir brukt. Konseptet med leitemodell-basert leiting blir også utforska. Nokon av disse øvingane blir gjort individuelt, og andre blir gjort i små grupper. Heile kurset gjer studentane ei grunnleggande forståing av strukturen og den sedimentære utviklinga til sedimentære basseng og dei praktiske evnene som er nødvendige for analyse av undergrunnsdata.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan:

  • forklare hovudtyper av sedimentære basseng, korleis dei vert danna, og strukturelle og stratigrafiske stilar
  • forklare hovudprosessane som styrer innfyllinga av sedimentære basseng i eit kjelde-til-basseng-perspektiv (dvs. tektonikk, havnivå og klima og korleis disse interagerar)
  • forklare seismiske stratigrafiske begrep og forstå forskjellige seismiske stratigrafiske modellar
  • forklare prosessane med forkastingsutvikling og vekstlag i utvalgde sedimentære bassengtypar, og effekta av forkastingsvekst og -utvikling på deposentret si utvikling og avsetjingssystem
  • kjenne standard brønnloggar og forklare bruken av kjernedata og brønnloggar i sedimentær og stratigrafisk analyse
  • ha inngåande kunnskap om utvalde typar sedimentære basseng frå oppgåver, også frå norsk kontinentalsokkel

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • beskrive og tolke den strukturelle stilen og utviklinga til eit sedimentært basseng og bestemme dei viktigste tektoniske fasane i historia til bassenget
  • beskrive og tolke bassenginnfyllinga i form av seismisk stratigrafi og vurdere kontrollane på avsetjingssystem i ein kjelde-til-basseng-samanheng.
  • utføre stratigrafisk og strukturell tolking av seismiske data og integrere disse for å bestemme utviklinga av sedimentære basseng
  • utføre sedimentær og stratigrafisk tolking av datasett for borehol (kjerne- og brønnloggar).
  • utføre leitemodell-basert leiting

Generell kompetanse

Studenten

  • får eit fundament i seismikk- og boreholsdataanalyse for bassenganalyse
  • vil ha gjennomført eit integrert gruppeprosjekt og utvikla ferdigheitene som er nødvendige for å jobbe i, og administrere, små gruppeprosjekt
  • vil ha heldt presentasjonar for kursdeltakarane
  • vil ha laga og levert rapporter om emne for bassenganalyse
  • vil kunne bruke de kunnskapen og ferdigheitene som er skaffa i løpet av kurset til praktisk arbeid relatert til prospektevaluering og reservoarkarakterisering for petroleum, CO2-lagring og akviferer.

Krav til forkunnskapar

GEOV101

Tilrådde forkunnskapar

GEOV104, GEOV107

Studiepoengsreduksjon

5 stp. reduksjon mot GEOV260

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar, 1 time per veke i 10 veker

Øvingar, 3 timer per veke i 10 veker

Gruppearbeid for to omfattande rapportar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking på obligatoriske øvelser etter kvar forelesning
  • Deltaking på megasekvensøving
  • Deltaking på brønnkorrelasjonsøving
  • Deltaking på munnleg samtale

Vurderingsformer

Mappevurdering:

  • Evaluering av ein skriftleg rapport frå kvar av dei obligatoriske øvelsane etter kvar forelesing
  • Evaluering av rapport om seismiske megasekvensvensar
  • Evaluering av brønnkorrelasjonsrapport
  • Munnleg diskusjon av kursinnhold og rapporter

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Vår. Vurdering er berre mogleg i semester med undervisning.

Litteraturliste

Allen and Allen, 2013: Basin Analysis: Principles and Application to Petroleum Play Assessment

Information about well-log interpretation and seismic stratigraphy will be provided.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for geovitenskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.

Eksamensinformasjon