Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Seismisk tolkning

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGEOV272
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Emnet undervises på engelsk dersom engelskspråklige studenter melder seg til emnet.
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor, lavere grad

Undervisningssemester

Haust, Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: Målet for emnet er å gjere studentane kjent med tolking av refleksjonseismiske data som verktøy for å belyse, analysere og forstå geologiske prosessar, avsetningsmiljø og utviklingshistorie.Vidare skal studentane få forståing med innsamling og prosessering av seismiske data, samt bli introdusert til enkel seismisk modellering for å betre seismiske bileter.

Innhald:

  • I emnet skal refleksjonsseismiske profil, og anna tilgjengelege data som brønn-/kjerneinformasjon, frå utvalde område på norsk kontinentalmargin bli analysert og tolka ved hjelp av state-of-the art programvare, slik som Petrel
  • Tolkinga skal setjast inn i det geologisk rammeverket som eksisterer for det aktuelle området, og geologiske historie, strukturell utvikling, avsetningsmiljø og tilhøyrande sedimentære prosesser skal utledes.
  • I emnet vil studentane både kunne jobbe gruppevis og individuelt.
  • Studentene skal svare på oppgåver basert på erverva kunnskap, tolkning og analyse av tilgjengelege data.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

KunnskaparStudenten skal kunne

  • forstå arbeidsprosessar og usikkerheiter forbundet med innsamling, prosessering og tolkning av seismiske data.
  • koble eigne observasjonar i seismiske data med den geologisk historia i studieområdet både i høve til strukturell og sedimentologiske utvikling
  • gjere seg nytte av relevant litteratur til å understøtte den seismiske tolkinga
  • gjere greie for hovudtrekka i den geologiske utviklingshistoria i studieområdet

FerdigheiterStudenten

  • kan bruke seismiske tolkeverkty
  • kan organisere og laste inn data i relevante tolkeverkty
  • tolke seismiske data og brønn-/kjerneinformasjon
  • kan tolke strukturelle og sedimentologiske prosessar frå seismiske data

Generell kompetanse

  • Studenten kan demonstrere evna til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
  • kan bruke bibliotek og vitskaplege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • kan bruke eit presist geologisk fagspråk i diskusjon av seismiske analyse- og tolkemetodar

Krav til forkunnskapar

GEOV101, GEOV111

Studiepoengsreduksjon

10 sp overlapp med GEOF292

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert gjeven ved obligatoriske øvingar i petrel kvar veke. 

Øvingar 4 t i 12 uker

Egenarbeid i petrel 4 t i 12 uker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Gruppesamlingar. Godkjente obligatoriske aktivitetar er kun gyldig inneverande semester.

Vurderingsformer

Mappevurdering. Det er berre mogleg å få vurdering i mappe i semestra emnet vert undervist.

Karakterskala

Ved sensur vert karakterskalaen A-F nytta. Karakteren A er best mogleg karakter, medan F er stryk.

Vurderingssemester

Det er kun muligheit for vurderingsmelding og innlevering av mappe i semestra emnet blir undervist

Litteraturliste

Litteraturlista vil være klar 1.12 for vårsemesteret og 1.06 for høstsemesteret. 

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for geovitenskap er faglig ansvarlig for emnet. 

Administrativt ansvarleg

Det Matematisk-Naturvitenskapelige fakultet er administrativt ansvarlige for emnet. 

Kontakt

Studiekonsulent ved Institutt for geovitenskap, E-post: studiekonsulent@geo.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    06.12.2022, 23:59
    Trekkfrist
    01.11.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen