Reservoargeofysikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGEOV274
- Talet på semester1
- SpråkNorsk, engelsk ved behov
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Reservoargeofysikk har som mål å syne korleis ein ved geofysiske undersøkingar kan beskrive moglege typar væsker og voluma av desse i bergartar som ligg opp til fleire kilometer under jorda si overflate. Dette er viktig når ein til dømes skal leite etter hydrokarbon eller lokalisere bergarter som kan verte brukt til lagring av karbondioksid. Vidare er dette spesielt viktig når ein skal overvaka og betre utnytte reservoar som allereie vert nytta i produksjon av hydrokarbon og/eller lagring av karbondioksid.
Kurset gjev ei brei innføring i dei fysiske prinsippa som gjeld for slik kartlegging, samt å vise døme på korleis dette vert gjort i praksis.
Når kurset er ferdig skal studenten forstå dei grunnleggande prinsippa for dei metodane det vert gjort greie for og være i stand til å løyse enkle relevante oppgåver, samt gjere greie for usikkerheitar som heftar ved svara.
Innhald:
Kurset har ei tematisk oppdeling og startar med å forklare de einskilde fysiske eigenskapane til bergarter og væsker, og korfor dei påverkar geofysiske målingar. Det vert lagt spesiell vekt på seismikk. Deretter definerast størrelsar som beskriv reservoar-eigenskaper i ein porøs bergart, og fylgjast av ulike teoriar for å berekne dei tilhøyrande seismiske forhold. Vidare går ein igjennom korleis ulike seismiske forhold i eit reservoar avbildast i seismiske data og seismiske attributtar. Til slutt koplast reservoar forhold saman med seismiske observasjonar, som endeleg definerer prinsippa for statisk og dynamisk kvantitativ seismisk tolking.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklara ulike seismiske forhold i en bergart
- forklara reservoar eigenskaper til ein bergart og korleis desse er påverka av ulike geologiske prosessar
- forklara dei viktigaste prinsippa som vert nytta til å berekne de seismiske forhold i ukonsoliderte og konsoliderte reservoarbergarter
- forklare kvalitativt kva for effektar endringar i ulike reservoar eigenskapar vil ha på de seismiske forhold i bergarten
- forklara dei mest sentrale stega i seismisk analyse og de viktigaste seismiske attributtane
- gjere greie for seismisk oppløysing
- orklara ulike steg knytta til kvanitativ seismisk tolkning
Ferdigheiter
Studenten kan
- frå petrofysiske data berekne dei tilhørande elastiske og seismiske forhold
- berekne korleis dei elastiske og seismiske forhold i ein bergart beståande av fleire mineral og væsker kan endre seg med ulike geometriske fordelingar av desse
- berekne korleis mekanisk og kjemisk kompaksjon vil endre seismiske forhold i ein bergart
- berekne endringar i seismiske forhold i en bergart som følgje av endringar i porevæskenes samansetning eller trykk
- gjere enkel Amplitude versus Offset analyse og nytte dette i kartlegging av reservoar
- konstruera ein såkalla Rock Physics Template
Generell kompetanse
Studenten
- har opparbeid ei forståing for korleis bergartstype og reservoarforhold vil være mogleg å kjenne att i geofysiske data
- har innsikt i korleis ein bergarts samansetning på mikro-nivå vil ha effekt på de seismiske eigenskapane på makro-nivå
- har innsikt i seismisk analyse på ulike nivå
- har opparbeid erfaring i kvantitativ seismisk tolking
- har vist forståing for vitskapleg etikk og evne til å arbeida sjølvstendig og saman med andre
Krav til forkunnskapar
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOF294
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
- Førelesningar, 2 timar/veke
- Øvingar med hjelp, 2 timar/veke
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane må levera inn to skriftlege oppgåver som skal vere godkjende for å få endeleg vurdering i emnet. Desse oppgåvene er gyldige i to (2) semester, inkludert semesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Skriftlege oppgåver , utgjer 20% av karakteren.
- Munnleg eksamen, utgjer 80% av karakteren.
Begge vurderingsdelar må vere bestått med karakteren E eller bedre for å få endeleg vurdering i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
IngenKarakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er berre mogleg å vurderingsmelde seg i semestra emnet vert undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Munnleg eksamen
- Dato
- 22.02.2022, 08:00
- Varigheit
- 1 timer
- Trekkfrist
- 08.02.2022