Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Praktiske ferdigheiter i fjernmåling og romleg analyse

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål: 

Målet med emnet er å gjere studenten i stand til å forstå teorien bak RS-analysar og å fullføre praktiske RS-baserte applikasjonar, ved hjelp av ei rekke sensorar og metodar.

Emnet introduserer eit utval metodar og analytiske ferdigheiter som kan brukast i praktiske applikasjonar innan jordobservasjon og romleg analyse. Emnet vil dekke ei rekkje tema som kan brukast både for vidare studie og for framtidige karrieremoglegheiter.

Innhald:

Emnet vil fokusere på dei teoretiske grunnlaga knytta til forbehandling, analyse og etteranalyse av fjernmålingsdata, samt dei grunnleggjande ulikskapane mellom ulike fjernmålingsplattformer og sensorar.

Emnet vil dekke tema som landdekningsklassifisering, endringsdeteksjon, fotogrammetri og topografisk analyse og "Radar Remote Sensing". Data som flyfoto, digitale høgdemodellar, multispektrale og SAR -satellittbilder vil bli behandla og manipulert under datapraksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten kan:

  • Skildre og diskutere relevante metodar for å analysere, tolke og vurdere fjernmålte bilete.
  • Definere og forklare dei viktigste omgrepa og terminologiane som vert brukt i fjernmåling.
  • Beskrive korleis det elektromagnetiske spekteret interagerer med det terrestriske miljøet.
  • Oppgi viktige plattformar og sensorar og deira eigenskaper.
  • Identifisere og forklare vanlege behandlingsvegar som vert brukt i fjernmåling.
  • Skildre og kvantifisere feilkjelder innan fjernmålingsanalysar.

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • Planleggje, administrere og fullføre eit fjernmålingsbasert studie.
  • Skaffe fjernmålingsdata og vurdere om dataen er eigna for analyse.
  • Tolke fjernmålingsdata og GIS-data og forstå deira metadata.
  • Velgje passande metodar/algoritmer og bruke slike metodar/algoritmer for å analysere. optiske- , radar- og topografiske data.
  • Automatisere behandlinga av romlege data ved hjelp av modellbyggjing og skripting.
  • Tolke, vurdere og diskutere resultater av biletanalyser.

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • Kan kritisk vurdere og bruke litteratur om fjernmåling og GIS.
  • Har tilstrekkelege kunnskaper og ferdigheiter til å utføre sine eigne GIS- og fjernmålingsundersøkingar.
  • Kan jobbe sjølvstendeg med eit utval av programvare og open kilde-kode programvare (open-source software).

Krav til forkunnskapar

GEOV205 eller liknande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

10 stp overlapp med GEO316

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet vil bli halden over ei tre vekers periode, som vil bestå av morgonførelesingar/seminar og praksis på ettermiddagen. Førelesingane/seminara vil introdusere dei teoretiske aspekta; datalaboratorier gir praktisk erfaring med ei rekke programvare, både åpen kildekode og proprietær.

Etter at undervisinga er fullført, skal studentane arbeide sjølvstendeg med individuelle oppgåver og ei gruppeoppgåve. 

Oppgåvene skal vurderast ved ein posterpresentasjon og ein kort munnleg eksamen. 

Gruppeoppgava skal fagfellevurderast og presenterast i studentgruppa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på gruppearbeid og posterpresentasjon. 

Vurderingsformer

Mappevurdering

  • Mappevurdering: Mappa inneheld ei gruppeoppgåve og ein posterpresentasjon
  • Presentasjon: Den munnlege plakatpresentasjonen kan justere den endelige karakteren.

Alle delar av vurderinga må bestås i same semester.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

The grading scale used is A to F. Grade A is the highest passing grade in the grading scale, grade F is a fail.

Vurderingssemester

Vurdering er berre mogleg i semester med undervisning. 

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Institutt for geovitenskap er ansvarlig for emnet. 

Emneansvarleg

Emneansvarlig er oppgitt under emnet i MittUiB

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitenskapelig fakultetet er administrativt ansvarlig for emnet. 

Kontakt

Kontakt studieveileder@geo.uib.no for spørsmål om emnet. 

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering med poster presentasjon

    Innleveringsfrist
    10.02.2022, 15:00
    Trekkfrist
    01.05.2022
    • Eksamensdel: Mappevurdering

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Presentasjon