Hjem
Utdanning
Masteremne

IceFinse - Arktisk klimaforsking og feltarbeid

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, Bergen. Kurset vert halde som intensivkurs med feltarbeid over åtte samanhengande dagar, i veke 13 og 14 (26. mars til 3. april), på Finse Apline Forskningssenter, Finse, Noreg.

Mål og innhald

Mål
Emnet gjev ei innføring i arktisk klimaforsking. Emnet gjev eit grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane som styrer arktiske klimavariasjonar på ulike tidsskalaer, herunder eit spesielt fokus på isbrear og iskjernar. Hovudformålet er å gje studentane innblikk i alle deler av forskingsprosessen, frå planlegging til datainnsamling, analyse og presentasjon. Emnet gjev studentane eit utganspunkt for å gå vidare med sine forskingsbaserte masteroppgåver.

Innhald
Kurset tek utgangspunkt i grunnleggjande vitskaplege metodar for å forstå fortid og nåtid klimaforandringar i Arktis. Det faglege innhaldet i kurset tek utgangspunkt i undervisarane si pågåande forsking innanfor glasiologi, snø-studiar, iskjerneanalyser, numerisk modellering og klimadynamikk.

Reint praktisk består kurset av tre komponentar 1) Forarbeid 2) Feltarbeid 3) Presentasjon

1. Forarbeid - praktisk førebuing og introduksjon til den vitskapelege metode
Kurset startar med ein introduksjon ei veke før feltarbeidet. Her vert studentane delt inn i grupper som kvar får ansvar for å gjennomgå 1-2 vitskaplege artiklar og presentere disse på feltkurset. Her vil også spørsmål om utstyr, pakking og tryggleik avklarast.

2. Feltkurs - undervisning, datainnsamling og analyse
Her vil det verte halde forelesingar og samle inn data samt analysere og diskutere resultata i prosjektgrupper. Feltkurset inneheld ein kombinasjon av ein teoretisk del med undervisning, ein praktisk del med feltarbeid samt gruppearbeid med fokus på analyse og tolking av innsamla data.

Med utgangspunkt i aktuell klimaforsking vil studentane lære å utforme og arbeide med relevante forskingsspørsmål. Studentane vil få innsikt i moderne forskingsmetodar ved å samle inn data og analysere desse og samanlikne med eksisterande forskingsdata. I tillegg til feltdata vil studentane jobbe med data frå numeriske modellar som dekker området (inkludert ismodellar av Hardangerjøkulen og regionale klimamodellar for Noreg).

3. Presentasjon - dataanalyse, tolking og presentasjon
Kurset vert avslutta med å skrive feltrapport. Etter feltkurset skal gruppene levere ein felles rapport (10 sider) frå feltarbeidet. Rapporten skal innehalde presentasjon og analyse av innhenta data. Her får studentane trening i analytiske og numeriske metodar for å besvare sine forskingsspørsmål og hypoteser. Vidare brukar ein metodar fra SciSnack (http://www.scisnack.com/) til å utvikle studentane sin kompetanser til å kommunisere forsking skriftleg til fagfeller og det offentlege. Kvar gruppe vil ha ein forskar frå kurset som rettleiar. Til slutt samlar studentane seg ein munnleg presentasjon (Omlag 30 minutter + spørsmål).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten skal kunne

  • forklare dei grunnleggjande fysiske elementar i det arktiske klimasystem
  • forstå dei eksterne klimapådrivarane og årsaker til arktisk klimavariabilitet
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av isdynamikk
  • kjenne att klimaforandringar og vurdere korleis desse påverkar isbrear i Arktis
  • gjere greie for korleis iskjerner vert analyserte for å gje kunnskap om klimaendringar i fortida og notid

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • planlegge og utføre feltarbeid og prosessere og tolke data
  • nytte iskjerneteknikkar og analysere iskjernedata
  • vurdere data frå numeriske isflytemodellar og regionale klimamodellar
  • tolke forskingsdata og diskutere korleis desse skal brukast til å studere klimaprosessar
  • styrke sine ferdigheiter i forskingsmetodar- herunder munnleg presentasjon, vitskapleg skriving og diskusjon

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • nytte kritisk tenking og fysisk forståing
  • demontrere interdisiplinær forståing og koplingar mellom ulike forskingsområde
  • presentere og diskutere forskingsstrategiar og kritisk evaluere metodar i relasjon til resultata
  • kommunisere forskingsresultata offentleg, skriftleg og munnleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bakgrunn i geovitskap, klimadynamikk, glasiologi og numeriske metodar er tilrådd.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at studenten har studierett knytt til eit masterprogram ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av klasseromsundervisning, feltarbeid og kollokviearbeid. I tillegg skal studentane lage ein presentasjon av ein utlevert vitskapsartikkel som skal presenterast på kurset. I tillegg skal det leverast og presenterast ei skriftleg oppgåve/rapport av eit valt emne innanfor kurset. Det vert forventa ein samla arbeidsinnsats med forelesingar, feltarbeid, gruppearbeid og rapportskriving på om lag 125 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av forskingsartikkel, innlevering og presentasjon av skriftleg oppgåve. Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

  • presentasjon av forskingsartikkel (30%)
  • skriftleg oppgåve/rapport og presentasjon av oppgåva (70%)

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Ingen

Vurderingssemester

Vår.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet ved Institutt for geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no

Tlf 55 58 35 19

Eksamensinformasjon