Reservoargeologisk feltkurs

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet blir hovudsakleg undervist i felt, i eit område som er i verdsklasse for å undersøke sedimentologi og tektonisk deformasjon av sedimentære bergarter. Det er også ein obligatorisk del der studentane skal gå gjennom ulike oppgåver som er viktig for læringa i felt. Feltarbeidet har vekt på metodar knytta til tema som er viktige for leiting etter og produksjon av petroleum, samt vurdering av reservoarer og feller og potensiell lekasje for CO2 lagring. Dette inkluderer strukturgeologi, tektonikk, sedimentologi, sekvensstratigrafi, reservoarteknologi og reservoarmodellering. Det er eit mål at studentane skal forstå væskestrøm i sandsteinsreservoar i lys av dette. Undervisinga er basert på problembasert læring, der studentane arbeider i grupper med å løyse oppgåver i felt. Etter feltkurset skal studentane levere inn ein rapport om arbeidet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

KunnskaparStudenten forstår:

  • korleis reservoaregenskaper henger sammen med sedimentære miljøer
  • korleis sedimentære miljøer varierer lateralt
  • fundamentale kontroller på sedimentær arkitektur
  • proksimal-distal-forhold i sedimentære systemer
  • sedimentære systemer på kjerne-, felt-, og seismisk skala
  • korleis tektonisk deformasjon kan påvirke reservoaregenskaper på ulike skalaer
  • deformasjon rundt storskala forkastninger
  • egenskapar som kan lede til forseglande forkastningar
  • samanhengen melom seismisk-skala deformasjon og sub-seismisk skala deformasjon
  • utvikling og samankopling av forkastingar i kartplanet
  • at leiting etter hydrokarboner er en kompleks prosess som involverer geologi, økonomi, juss og ingeniørvitenskap

FerdigheiterStudenten kan

  • undersøke reservoaregenskapar til bergarter i felt
  • korrelere sedimentære flater i kjerner
  • analysere deformasjonsmønster i stor- og småskala
  • undersøke forskjellige typar tektonisk deformasjon i felt
  • benytte mange forskjellige datasett til å forstå sedimentære avsetninger, som blotninger, landskap, flybilder, seismikk og kjerner

Generell kompetanseStudenten kan

  • relatere ulike typer geologiske data til feltobservasjoner
  • ekstrapolere mellom data som kjerner og seismikk
  • vurdere usikkerhet i tolkninger basert på begrensa data
  • forstå rolla til ein geolog i oljeutvinning og leiting

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master and PhD level

Undervisningssemester

Vår

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Emnet kan bli kansellert grunna manglande ekstern finansiering V22. 

Undervisningsstad

Bergen og Utah, USA.
Krav til forkunnskapar
Opptak til master i geovitenskap
Tilrådde forkunnskapar
GEOV252 eller tilsvarande
Studiepoengsreduksjon
5 sp overlapp med GEOL345
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller evevntuelle opptakskrav.
Arbeids- og undervisningsformer

Feltkurs: 8 dagars feltkurs i Utah, USA.

Praktiske øvingar: 2 dager, før feltkurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Feltkurs og forkurs er obligatorisk. Gruppevis rapport frå feltarbeid.
Vurderingsformer
Bestått/ikkje-bestått basert på oppmøte rapport.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Det er kun muligheit for vurderingsmelding og innlevering av rapport i semestra emnet blir undervist.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no
Administrativt ansvarleg
Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.