Hjem
Utdanning
Masteremne

Integrert feltkurs i tektonikk og sedimentologi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGEOV362
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk, engelsk ved behov
  • Ressursar

Undervisningssemester

Annenhver vår, partallsår. Undervises neste gang vår 2020.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Pyreneane, Spania

Mål og innhald

Mål:
Emnet har som mål å gje ei bred forståing av samspelet mellom tektonikk, bassengdanning og sedimentasjon både generelt og spesifikt i område med kontraksjon/fjellkjededanning. Emnet har også som mål å gje ei god forståing av kontraksjonstektonikk og source-to-sink-konsept i ulike sedimentære system.

Innhald:
Kurset gir grunnleggjande innføring i feltgeologiske metodar i sedimentologi og strukturgeologi i eit område med blottingar av høg kvalitet. Metodane demonstrerast i ulike strukturelle regime og sedimentære avsetningsmiljø. Strukturgeologien dekker hovudsakleg folde-skyvestrukturar og strøkforkastingar i stor og liten skala. Studentane arbeider i grupper og får i oppgåve å skildre og tolke bergartar med omsyn til sedimentære prosessar, paleomiljø og strukturell stil og historie.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten kan

  • forklare sentrale anatomiske trekk ved ei kontraksjonsfjellkjede
  • forklare source-to-sink konsept med bruk av døme frå ulike sedimentære system
  • diskutere utvikling av sedimentære basseng
  • diskutere samanhengen mellom tektonikk og sedimentasjon i sedimentære bassen

Dugleikar
Studenten kan

  • samle inn sedimentologiske og strukturgeologiske data
  • konstruere grafar og figurar for å illustrere og visualisere geologiske data
  • kjenne igjen og diskutere samanhengen mellom observasjonar og geologiske prosesser
  • gjennomføre avanserte søk etter relevant geovitskapleg litteratur, og nytte korrekt kjeldehenvising
  • føre gode og nøyaktige feltnotat

Dugleik
Studenten kan

  • nytte eit presist geologisk fagspråk til å skildre og diskutere geologiske prosessar og hendingar
  • demonstrere evne til å fungere individuelt, i samarbeid og etisk med andre
  • erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i geosystemet, og vår avhengighet av og innverknad på geosystemet.

Krav til forkunnskapar

GEOV101

Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet

Tilrådde forkunnskapar

GEOV107, GEOV252/GEOV225

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga gis i form av 8 dagers feltkurs i Pyreneane

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på feltkurs, samt innlevering av journal.

Vurderingsformer

Beståtte obligatoriske aktivitetar. I løpet av kurset vurderes studentenes feltnotater, samt deres muntlige presentasjoner og gruppearbeid. Etter kurset leveres skriftlig rapport. Rapporten vurderes og må godkjennes ¿ vurderingen av feltnotater og muntlige presentasjoner underveis i kurset faktoreres inn i den endelige vurderingen av rapporten.

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Fagleg overlapp

5 sp overlapp med GEOL362

Vurderingssemester

Det er berre moglegheit for vurderingsmelding og innlevering av journal i semestra emnet blir undervist.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt Studierettleiar@geo.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk naturvitskaplege fakultet v/ Institutt for Geovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@geo.uib.no

Tlf 55 58 35 19