Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Global Theory

  • Studiepoeng12
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeGLOBALTHEORY
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og norsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei forståing av dei store utfordringane i global helse

Innhald:

Emnet dekkjer ei rekkje aspekt ved Global helse. Det vil bli førelesingar med fokus på dei store utfordringane i global helse. Samanhengen mellom fattigdom og helse vert utheva, likeeins samanhengen mellom helse og sosiale, politiske, økonomiske og kulturelle faktorar. Tema innan global helse som vert omhandla er folkehelse, store og viktige sjukdomar, etikk, antropologi, økonomi og helsesystem. Førelesingar og gruppearbeid er obligatoriske.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter kurset kan studentane:

  • Forklare likskapar og skilnader mellom låg-, mellom- og høginntektsland når det gjeld helse og demografisk utvikling
  • Greie ut om menneskerettar knytta til helse
  • Beskrive dei store globale sjukdommane og epidemiane
  • Greie ut om dei finansielle hindringane i internasjonal helse
  • Greie ut om ulike måtar å prioritere i helsevesenet

Ferdigheiter:

Etter kurset kan studentane:

  • Diskutere korleis viktige sjukdomar er med på å påverke utviklinga i samfunnet
  • Diskutere korleis ulike intervensjonar kan betre folkehelsa
  • Vurdere organisatoriske problem i helsesystem i låginntektsland
  • Diskutere etiske emne i internasjonal helse

Generell kompetanse:

Etter kurset kan studentane:

  • Ha eit globalt perspektiv på å vere lege
  • Forstå konsekvensane av globaliseringa for medisinsk vitskap.

Krav til forkunnskapar

Studentar som har gått minst 2 år på medisinstudiet, eller annan relevant utdanning

Krav til studierett

Medisinstudentar ved Universitetet i Bergen.

Studentar ved andre helseprofesjonsstudiar ved UiB kan søkje. Studentar med relevant fagkrets vil bli foretrukne.

Søknad via skjema for hospitantstudierett.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar, seminar, gruppeøvingar, diskusjon av videofilmar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Forelesingar og gruppearbeid

Vurderingsformer

Studenten skriv eit essay som presenterast og diskuterast i plenum

Karakterskala

godkjent / ikkje godkjent

Litteraturliste

Levine: Case studies in Global health. Millions saved.

Skolnik: Essentials of Global health.

 

Valfritt:

Lindstrand: "Global health"

Markle: "Understanding global health"

Emneevaluering

Elektronisk evaluering av kurset i "Mitt UiB" og munnleg evaluering i plenum siste kursdag.

Programansvarleg

Programutval for medisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Sven Gudmund Hinderaker http://www.uib.no/personer/Sven.Gudmund.Hinderaker

Administrativt ansvarleg

Det medisinsk fakultet v/IGS, Senter for internasjonal helse har det administrative ansvaret for emnet.

studie@igs.uib.no

Kontakt

Kontaktinformasjon

Det medisinsk fakultet:

Informasjonssenter for studenter: info@med.uib.no

Eksamensinformasjon