Hjem
Studentsider
Masteremne

Introduksjon til metodologi

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Høst

Mål og innhald

Dette kurset er ein introduksjon til kunnskapsteori og forskingsmetodar, og fremjar kritisk refleksjon kring ulike epistemologiske og metodologiske tilnærmingar til forsking. Det gir ei brei oversikt over ulike metodologiar, både kvantitative og kvalitative, og det epistemologiske grunnlaget deira. Det tek for seg spørsmål om forskingsdesign, formulering av forskingsproblem, kvalitet i forsking og etikk gjennom heile forskingsprosessen.

Læringsutbyte

Etter avslutta kurs skal studentane ha følgjande læringsutbytte definert med tanke på kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten har inngåande kunnskapar om:

  • Ulike kunnskapsparadigme og forklaringsmodellar, og implikasjonar av desse for val av metodisk strategi
  • Sentrale omgrep og teoriar innan kvantitative og kvalitative metodar, kombinerte metodar og aksjonsforsking
  • Forskingsdesign i kvantitativ og kvalitativ forsking, inkludert formulering av forskingsspørsmål
  • Etiske prinsipp i forsking og bruk av desse i kvantitativ og kvalitativ forsking

Ferdigheiter:
Studenten har evna til å:

  • Utvikle forskingsproblem, argumentere for relevansen av desse og identifisere forskingsmetodar som er passande for dei valde problemer
  • Diskutere sentrale omgrep for kvalitet i både kvalitativ og kvantitativ forsking
  • Diskutere og tilnærme seg kritisk til grunnleggande prinsipp for forskingsetikk

Generell kompetanse:
Studenten kan:

  • Ta kvalifiserte val mellom ulike forskingsmetodar relatert til eigen disiplin
  • Kommunisere og diskutere ulike forskingsdesign og gjere greie for respektive føremoner og bruksområder for desse
  • Kritisk, analytisk og systematisk evaluere forskingslitteratur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Ope for alle med studierett på masterprogramma i Global Development Theory and Practice, Barnevern og Helsefremjande arbeid og helsepsykologi. Andre masterstudentar på relevante masterprogram ved UiB og utvekslingsstudentar kan søkje.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, gruppearbeid, samt individuell og/eller felles tilbakemelding på dei to skriftlege øvingane.

Det blir forventa at studentane set av om lag 270 timar arbeid som inkluderer førelesingar, gruppearbeid, førebuing til desse, i tillegg til sjølvstendig studium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To skriftlege øvingsoppgåver (1000 ord kvar) om tema relatert til læringsutbyta for emnet. Begge øvingsoppgåvene må vere fullførte og godkjente før ein kan gå opp til eksamen.

Obligatorisk deltaking på minimum 80% av gruppearbeid.

Vurderingsformer

Heimeeksamen (5 dagar, 3000 ord)

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Ein ny eksamen vil bli tilbode i vårsemesteret. Studenten må ha bestått dei obligatoriske arbeidskrava i haustsemesteret for å kunne gå opp til eksamen.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    27.11.2020, 09:00
    Innleveringsfrist
    04.12.2020, 12:00
    Trekkfrist
    13.11.2020
    Sensur kunngjøres
    25.12.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen