Hjem
Studentsider
Masteremne

Kvalitative metodar og planlegging

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGLODE303
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 sp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Mål og innhald

Kurset byggjer på GLODE302 Introduction to Methodology, og gir ein bred oversyn over (i) ulike tilnærmingar til kvalitativ forsking, (ii) kvalitative datainnsamlingsmetodar, (iii) analyse av kvalitative data, (iv) etikk gjennom heile forskingsprosessen, og (v) det å skrive prosjektoppplanen. Hovedformålet med modulen er å førebudde studenten til eigen masteroppgåveforsking.

Læringsutbyte

Etter gjennomføringa av dette kurset skal studenten ha følgjande læringsutbyte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten har inngåande kunnskap om:

  • Ulike tilnærmingar til kvalitativ forsking
  • Eigenskapar og føremålstenleg bruk av ei rekke kvalitative metodar / teknikkar
  • Ulike tilnærmingar til analyse av kvalitative data
  • Truverde og refleksivitet i kvalitativ forsking
  • Etikk gjennom heile forskingsmetoden
  • Krav til prosjektskildring for masteroppgåva

Ferdigheiter:

Studenten har evna til å:

  • Utarbeide ein intervjuguide og gjennomføre eit djupneintervju og bruke minst to andre kvalitative datainnsamlingsmetodar / teknikkar
  • Kode og analysere kvalitative data
  • Evaluere etiske prosedyrar relatert til forskingsdesign og datainnsamling
  • Utforme eit forskingsprosjekt og skrive ein prosjektplan

Generell kompetanse:

Studenten kan:

  • Kommunisere og diskutere ulike kvalitative forskingsdesign og gjere greie for respektive føremoner og bruksområde for desse
  • Gjere kvalifiserte val mellom ulike kvalitative forskingsmetodar

Samarbeide profesjonelt i grupper

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha gjennomført GLODE302 Introduction to Methodology, HABA 301 eller tilsvarande innføringskurs til forskingsmetodar.

Krav til studierett

Ope for alle studentar som er registrert i masterprogrammet i Global Development Theory and Practice, barnevern og helsefremmende arbeid og helsepsykologi. Ope for masterstudentar registrert i andre relevante programmer ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Læringsmetodane vil bestå av førelesningar, gruppearbeid og feltarbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i praktiske øvingar relatert til ulike kvalitative metodar det er gitt innføring i (individuell intervjuing, deltakarobservasjon, fokusgruppediskusjon)
  • Presentasjon av eige forskingsprosjekt for medstudentar

Vurderingsformer

Utarbeiding av eit forskingsprosjekt og prosjektplan.

Karakterskala

Bestått/Ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Tilgjengelig 1 desember

Emneevaluering

Kurset vil bli evaluert i samsvar med Det psykologiske fakultet sine rutiner for deltakande evaluering og UIB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret

Administrativt ansvarleg

HEMIL-senteret, Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Psykologisk fakultet

Informasjonssenteret: studierettleiar@psyfa.uib.no

Tlf: 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Project plan

    Innleveringsfrist
    24.08.2020, 12:00
    Trekkfrist
    10.08.2020
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen