Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeGOV212
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår/irregulær undervisning
Mål og innhald
Klimaendringar, kriser og samfunnstryggleik representerer store, komplekse samfunnsutfordringar som gir store styringsutfordringar på fleire nivå og i ulike sektorar. Emnet «Klima, kriser og samfunnstryggleik. Handtering av uregjerlege samfunnsutfordringar» gir innsikt i studiet av politisk styring, organisering og regulering av slike uregjerlege samfunnsproblem. Kurset siktar mot å styrke studentane sine evner til å drøfta og analysera problemstillingar kring desse temaa og politikkområda på ein sjølvstendig og kritisk måte. Vidare gir emnet eit grunnlag for ytterlegare fagleg fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.
Gjenstridige og uregjerlege problem er kjenneteikna av at dei går på tvers av myndigheitsorgan, forvaltingsnivå, og offentleg/privat sektor. Klima, kriser og samfunnstryggleik er typiske døme på slike grenseoverskridande problem og politikkområde. Dei krev handtering og koordinering på globalt, nasjonalt og lokalt nivå, samt deltaking frå mange ulike myndigheitsorgan, statlege og private aktørar, organisasjonar, og befolkninga elles. Både styringskapasitet og styringslegitimitet er viktig, og samstundes utfordrande. Sentrale spørsmål er kva styringsmoglegheiter staten, lokale myndigheiter eller internasjonale organisasjonar har, kva slags politikk som får gjennomslag, korleis slike politiske initiativ og vedtak blir til, korleis styring går føre seg, korleis myndigheitene organiserer seg for å gjennomføra vedtatt politikk, og kva slags konsekvensar ulike former for organisering, styring og regulering har.
Emnet tar særleg sikte på å studera korleis organisering, styring og regulering av gjenstridige og uregjerlege problemer blir til, går føre seg i praksis, og blir utvikla. Kva slags strategiar finst og kva tiltak tar ein i bruk for å handtera slike problem? Korleis organiserer staten seg? Korleis byggjer ein styringskapasitet og styringslegitimitet? Kva betyding har internasjonale organisasjonar? Kven deltar i avgjerder, og på kva premissar? Sentralt er også korleis organisering, styringspraksis og regulering påverkar moglegheita for samordning, problemløysing og demokratisk deltaking. Kurset gir særleg kunnskap om aktuell forsking, teori og metodiske tilnærmingar på fagfeltet, med særleg merksemd på norske forhold.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale styringsutfordringar som gjeld handtering av klimaendringar, kriser og samfunnstryggleik, og aktuell forsking om dette.
- kan definera og forstå sentrale kjenneteikn ved gjenstridige, komplekse og uregjerlege samfunnsproblem.
- har grunnleggjande kunnskap om styringsorgan på internasjonalt, nasjonalt og lokalt nivå med ansvar for handtering av klimaendringar, kriser og samfunnstryggleik, med særleg vekt på norske forhold.
- har kjennskap til sentrale statsvitskaplege problemstillingar og tilnærmingar til styring, organisering og regulering av uregjerlege samfunnsproblem.
Ferdigheiter
Studenten kan
- presentera, drøfta og vurdera ulike faglege bidrag på feltet, irekna aktuelle teoretiske og metodiske tilnærmingar.
- bruka kunnskapen frå kurset til å utvikla fagleg funderte problemstillingar og forskingsopplegg knytt til organisering, styring og regulering av uregjerlege samfunnsproblem.
- bruka omgrep, teori og relevante metodiske tilnærmingar for å analysera handtering av uregjerlege problem nasjonalt, lokalt og/eller internasjonalt.
Generell kompetanse
Studenten kan
- systematisera og formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg gjennom eigne arbeid og presentasjonar.
- forstå og formidla betydinga av offentleg organisering, styring og regulering for utforming og gjennomføring av politikk og politiske vedtak på dei aktuelle politikkområda som kurset gir innsikt i.
- bidra til praktisk bruk av sentrale omgrep, teori, forskingsmetodar og fagleg innsikt innanfor fagområdet.
- vurdera aktuell styring, organisering og regulering på feltet.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
AORG101, AORG104 og AORG103/AORG107/AORG109
Studiepoengsreduksjon
- AORG209 (10 sp)
- AORG212 (10 sp)
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesing og seminar (8 forelesingar og 2 seminar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjenning av presentasjon framlagt på seminar.
Arbeidskravet er gyldig inneverande og påfølgjande undervisningssemester.
Vurderingsformer
Heimeeksamen, 3 dagar, 3000 ord (+/- 10 %)
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen
- Oppgave utleveres
- 20.03.2023, 09:00
- Innleveringsfrist
- 23.03.2023, 14:00
- Trekkfrist
- 06.03.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen