Helse- og velferdspolitikk - Makt og innverknad
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeGOV213
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Vår/irregulær undervisning
Mål og innhald
Helse- og velferdspolitikk omfattar store tenesteområde som sjukehus, den kommunale helse- og omsorgstenesta, kommunale barnevernstenester, rusomsorg og psykisk helsevern og NAV med kommunale sosialtenester og statlege trygde - og arbeidsmarknadstenester. Dette er sentrale offentlege politikkområde kor ein nyttar store ressursar, kor eit vidt spektrum av tenester når innbyggjarar gjennom heile livsløpet og kor store profesjonsgrupper, som ofte er kvinnedominerte, har sitt virke. Politikkområdet er prega av kontinuitet, fellestrekk på tvers av land og samstundes også av omfattande reformer. Helse- og velferdspolitikken står overfor store utfordringar i dei vestlege demokratia, som økonomiske utfordringar, legitimitetsutfordringar og store teknologiske endringar for mange tenester. Dei ulike tenesteområda har forskjellige og skiftande relasjonar mellom offentlege og private aktørar, både kommersielle og ideelle, samt forskjellar og likskapar i historiene sine.
Emnet har som mål å gi studentane innsikt i nokre sentrale helse- og velferdspolitiske felt, med vekt på politikk, tenester og forholdet mellom stat og kommune. Innbyggjarane, dei folkevalde og forvaltinga si makt og innverknad på utforminga og virket til helse- og velferdspolitiske tenester vil vere gjennomgåande tema. I emnet vil dette vide politikkområdet bli presentert og drøfta med utgangspunkt i aktuelle teoretiske og forskingsmessige bidrag. Emnet skal formidla innsikt i dei ulike tenestene til eit politikkområde og i skiftande arbeidsdeling mellom ulike forvaltingsnivå og styringsformer.
Emnet vil ha ei komparativ og historisk innretning og det vil leggja vekt på ulike teoretiske tilnærmingar og bidrag, som teori om demokrati og deltaking, byråkrati, reformer, profesjonar og skjønnsutøving, ekspertise og den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Ved sida av dei teoretiske tilnærmingane blir det også lagt vekt på å visa kva for metodar og forskingsopplegg ein kan bruka for å studera helse- og velferdspolitikk empirisk. I kurset vil det bli brukt døme frå forsking ved instituttet som utgangspunkt for tematisering av forskingsopplegg og metodar.
Kurset er sett saman av forelesingar (8) og seminar (2). Forelesingane vil gi ein kombinasjon av oversikt over store teneste- og politikkområde og meir inngående konsentrasjon om enkeltområde.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten har
- innsikt i hovudtrekk ved dei norske helse- og velferdstenestene, historia og framveksten deira, samt tilknytninga deira til tenester innanfor dette feltet i nordisk og internasjonal samanheng.
- innsikt i arbeids- og ansvarsdeling og diskusjonar om slike delingar mellom stat og kommune og endringar over tid i desse spørsmåla.
- innsikt i aktuelle spenningar innanfor helse- og velferdspolitikken, som mellom rett og plikt, mellom hjelp og kontroll og mellom lokalt ansvar eller sentrale oppgåver.
- innsikt i nokre sentrale reformer innanfor det norske tenestelandskapet og kunne sjå desse i samanheng med internasjonale reformtrendar.
Ferdigheiter
Studenten kan
- orientera seg og gi framstilling av sentrale helse- og velferdstenester i Noreg.
- forstå spenningar og moglege verdikonfliktar i helse- og velferdspolitiske diskusjonar.
- bruka teoretiske bidrag til å undersøkje og forstå ulike rammevilkår for helse- og velferdspolitiske spørsmål.
- forstå og kritisera studiar av politikk eller tenester ved hjelp av teoretiske bidrag frå kurset.
Generell kompetanse
Studenten kan
- systematisera fagstoff om politikk og tenester innanfor eit politikkområde.
- analysera politikkområde med utgangspunkt i teoriar og kunnskap om mål og tenester
- forstå betydinga av mål og moglege konfliktar for utforming og gjennomføring av politikk innanfor politikkområde.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
AORG101, AORG104 og AORG103/AORG107/AORG109
Studiepoengsreduksjon
- AORG213 (10 sp)
Krav til studierett
Ope for alle med studierett ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesing og seminar (8 forelesingar og 2 seminar)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Munnleg gruppepresentasjon om oppgitt tema
- Delta på seminar (100% oppmøte)
Arbeidskravet er gyldig inneverande og påfølgjande undervisningssemester.
Vurderingsformer
Heimeeksamen, 3 dagar, 3000 ord (+/- 10 %)
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.
Kontaktinformasjon
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Heimeeksamen (Ny eksamen)
- Oppgave utleveres
- 25.09.2023, 09:00
- Innleveringsfrist
- 28.09.2023, 14:00
- Trekkfrist
- 11.09.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Digital innlevering, Inspera