Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentleg sektor

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeGOV215
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Me lever i eit gjennomorganisert samfunn, der ulike offentlege organisasjonar følgjer oss frå vogge til grav. Men korleis er desse organisasjonane utforma? Er dei stabile eller endrar dei seg, og i så fall korleis og kvifor? Korleis påverkar desse organisasjonane avgjerder som er viktig for å kunne forstå samfunnet vårt? Ei statsvitskapleg tilnærming til organisasjons- og institusjonsteori gir oss viktige verktøy til å gjere nettopp dette.

Emnet Organisasjons- og institusjonsanalyse for offentleg sektor tilbyr studentane ei fordjuping i utvalde nyare organisasjons- og institusjonsteoretiske tilnærmingar. Dette gir verktøy for å analysere organisasjonsendring, organisasjonsdesign, reformer og avgjerder, både internt i organisasjonar og i forholdet mellom organisasjonar og omgjevnadane deira. Det vil bli lagt vekt på samspel mellom strukturelle rammer, kultur og individuelle handlingar.

Emnet skal styrkje studentane sine evner til å identifisere, velje og nytte relevante teoretiske perspektiv for drøfting og analyse av sentrale problemstillingar slik dei kjem til utrykk i pågåande empirisk organisasjonsteoretisk forsking. Emnet skal gje eit betre fagleg grunnlag for fordjuping og spesialisering, mellom anna for arbeidet med bacheloroppgåva.

Kurset vil i tillegg til ein presentasjon av relevante teoretiske tilnærmingar og grunnleggjande omgrep rette merksemd mot korleis desse teoriane nyttast empirisk og gjer kunnskap om korleis ein kan designe og utføre organisasjonsanalysar.

Emnet byggjer på AORG101 Organisasjonsteori og etablerer nye kategoriseringar og nye måtar å forstå organisatoriske strukturer og prosessar på. Undervisninga er basert på ein kombinasjon av sentrale artiklar og empirisk orienterte studiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten kan

  • gi ei oversikt over forsking innanfor utvalde sentrale hovudtema i organisasjons- og institusjonsteori med fokus på analyse av offentleg sektor.
  • gjera greie for korleis institusjonelle perspektiv kan bidra til å forklare organisasjonsåtferd.
  • definera og forstå sentrale problemstillingar knytt til organisasjons- og institusjonsanalyse.
  • identifisera dei mest relevante metodologiske tilnærmingar til gjennomføring av organisasjonsanalyse.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • drøfta og kritisk vurdera organisasjonsdesign, organisasjonsendringar, reformer og avgjerder i lys av teoriar og omgrep presentert i emnet.
  • identifisera og velja relevante metodologiske tilnærmingar til analyse av organisasjonar i offentleg sektor
  • nytta kunnskap frå kurset til sjølvstendig å utvikla fagleg grunna problemstillingar og gjennomføra analyse. av organisasjonar i offentleg sektor.

Generell kompetanse

Studenten kan

  • presentera, drøfta og vurdera ulike faglege bidrag på feltet.
  • systematisera og formidla sentralt fagstoff skriftleg og munnleg gjennom eige arbeid og presentasjonar.
  • nytte den teoretiske og metodologiske kunnskapen til drøfting og analyse av utvalde tema innan organisasjons- og institusjonsteori.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104 og AORG103/AORG107/AORG109/

Studiepoengsreduksjon

  • AORG210 (10 sp)
  • AORG215 (10 sp)

Krav til studierett

Ope for alle med studierett ved UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesing og seminar (8 forelesingar og 2 seminar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Munnleg gruppepresentasjon om oppgitt tema
  • Delta på seminar (100% oppmøte)

Arbeidskravet er gyldig inneverande og påfølgjande undervisningssemester.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 3 dagar, 3000 ord (+/- 10 %)

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen (Ny eksamen)

    Oppgave utleveres
    18.09.2023, 09:00
    Innleveringsfrist
    21.09.2023, 14:00
    Trekkfrist
    04.09.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
    • Digital innlevering, Inspera