Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Bacheloroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med bacheloroppgåva er å gi deg ei forståing av korleis teoretiske perspektiv og empirisk materiale vert knytt saman i eit forskingsarbeid, og å gi deg trening i å utarbeide eit sjølvstendig skriftleg arbeid under rettleiing.

Bacheloroppgåvekurset er innhaldsmessig fokusert kring sentrale aspekt ved oppgåveskriving:

  • Formelle krav: Korleis ser ei bacheloroppgåve ut? Kva formelle krav vert stilt?
  • Problemstillingar knytt til sjølve skriveprosessen. Korleis går ein fram for å skrive oppgåva? Kurset skal munne ut i eit sjølvstendig skriftleg arbeid.
  • Grunnleggjande design og forskingsmetode.

Oppgåvetema og problemstilling for bacheloroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematiske fordjupingsemna på 200-nivå som det til ei kvar tid vert undervist i ved instituttet. Dersom studenten ikkje føljer slik undervisning så kan det etter søknad bli opna for unntak, men då i samråd med instituttet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Studenten kan:

  • Formulera ei klar og avgrensa fagleg problemstilling,
  • Gjera greie for ulike metodiske innfallsvinklar til å svara på ulike problemstillingar

Ferdigheter

Studenten kan:

  • Klargjera sentrale omgrep og gjera greie for teoretiske grunnlag og empirisk kunnskap på ein sjølvstendig og reflektert måte.
  • Gjennomføra, med utgangspunkt i relevant litteratur på faget, eit vitskapleg resonnement og strukturera eit forskingsarbeid innafor ramma av ein vitskapleg sjanger.
  • Samla inn og kritisk vurdera informasjon frå ulike kjelder

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • Argumentera og nytta eit empirisk materiale og trekkja rimelege konklusjonar om problemstillinga på grunnlag av den teori og metode som er vald.
  • Formidla sentraltfagstoff skriftleg og munnleg igjennom eige arbeid og presentasjonar.
  • Kommentera og gi tilbakemelding på andre sitt faglege arbeid.

Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng innanfor spesialiseringsemne i bachelorgraden administrasjon og organisasjonsvitenskap. MET102 må vera eit av emna.

AORG101, AORG104, MET102 + AORG103/AORG107/AORG109

Studiepoengsreduksjon

  • AORG250 (10 sp)
  • AORG202 (10 sp)
  • AORG251 (10 sp)

Krav til studierett

Ope for studentar som oppfyller krav til forkunnskapar

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar og individuell samtale.

Studentar som allereie har fått tilbod om rettleiing i AORG251 eit semester, har ikkje krav på ny rettleiing i seinare semester. Dette gjeld både studentar som tek emnet om igjen og studentar som utset eksamensinnleveringa.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal

  • leggja fram eit skriftleg utkast til bacheloroppgåve og kommentera eit tilsvarande utkast frå ein medstudent på rettleiingsseminaret.

Arbeidskrava må være godkjente før eksamen kan avleggast.

Framleg av oppgåve og kommentere eit tilsvarande utkast er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt påfølgjande eksamenssemester.

Vurderingsformer

Individuell bacheloroppgåve 6000 ord (+/- 10% )

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgjande semester (Ny eksamen i påfølgjande semester for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.  

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Bacheloroppgåve

    Innleveringsfrist
    01.06.2023, 14:00
    Trekkfrist
    18.05.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen