Hjem
Studentsider
Masteremne

Kvantitativ metode

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å setje studentane grundig inn i nokre av dei nyare og viktigaste kvantitative metodane innanfor statsvitskap/offentleg administrasjon. Kurset skal setje studentane i stand til å gjennomføre eigne empiriske undersøkingar og å ta sjølvstendige og godt motiverte metodeval når dei tek fatt på masteroppgåva. I tillegg skal kurset gi studentane høve til å tolke og drøfte kritisk andre empiriske forskingsbidrag som dei møter i samband med til dømes utarbeiding av litteraturstudiar. I kurset vil det bli undervist i ulike metodar som vil være nyttige i studiet av organisasjonar og offentlig forvaltning, mellom anna eksperimentelle metodar, og ulike formar for statistisk analyse, som lineær regresjon, logistisk regresjon og fleirnåvåanalyse. I tillegg vil studentane få ei innføring i kvantitativ tekstanalyse og nettverksanalyse. Kurset vil bli basert på statistikkpakka Stata. Endeleg er det eit mål å vise studentane korleis metodologiske val heng saman med ulike vitskapsteoretiske tradisjonar.

Kurset har følgjande komponentar:

  1. Vitskapsteori og grunnleggjande omgrepsanalyse
  2. Eksperimentell metode
  3. Ordinær lineær regresjon
  4. Logistisk regresjon
  5. Slutningsstatistikk og signifikanstesting
  6. Kvantitativ tekstanalyse
  7. Nettverksanalyse

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

  • Gjere greie for dei nyare og viktigaste kvantitative metodane innanfor statsvitskap/offentleg administrasjon
  • Forklare logikken i ulike eksperimentelle metodar og skilnadene mellom dei
  • Forklare ulike statistiske metodar

Ferdigheter

  • Anvende ulike metodar til å analysere ei problemstilling
  • Argumentere for val av undersøkingsmetode
  • Argumentere for val av statistisk analysemetode
  • Anvende Stata i tilrettelegging og analyse av data

Generell kompetanse

  • Gjere grunngjevne val av metodisk tilnærming
  • Argumentere for sterke og svake sider ved ei metodetilnærming
  • Vurdere kritisk rekkevidda til forskingsresultat

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 / AORG105 / AORG107 / AORG109, AORG209 / AORG210

Studiepoengsreduksjon

  • AORG321A (10 sp)
  • AORG321B (10 sp)
  • AORG319 (10 sp)
  • AORG321 (10 sp)

Krav til studierett

Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap eller Public Administration.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsformen er primært klasseforelesninger (6-7). I tillegg vil det bli gitt 3-4 seminarer hvor studentene skal delta i praktiske øvelser i bruk av statistisk programvare for å utarbeide og analysere datasett.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta i praktiske øvelser organisert gjennom seminarer. Det stilles krav til minimum 75% oppmøte på seminar. 

Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.

Vurderingsformer

Fem timar skuleeksamen.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurderingeller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgande semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.  

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    24.02.2023, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    10.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted