Offentleg politikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGOV322
- Talet på semester1
- SpråkNorsk og engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Kurset retter merksemd mot kva offentlege myndigheiter gjer, kvifor dei gjer det, og korleis dei får det til. Målet er å gi ein oversikt over ulike tradisjonar, perspektiv, problem og moglegheiter innanfor politisk analyse og samfunnsstyring. Dette gjer vi ved å undersøka ulike samfunnsaktørars tilnærmingar, interesser og ressursar, og ved å sjå nærmare på offentlege institusjonar, verkemidlar og verktøy i utforminga av politikk. Vi undersøker vedtaksprosessar - frå agendasetting, politikkutvikling og til iverksetting og evaluering - og forskjellege styringssystem. Administrative reformar og organisasjonsendringar med døme frå politikkområde som forvaltingspolitikk, utdanningspolitikk, helsepolitikk og velferdspolitikk er sentralt. Dette er komplekse samfunnsproblem som ikkje så lett lar seg løysa, og som omtales som grenseoverskridande problema eller «wicked problems». Vi byrjar kurset med å studere forskjellige politikkområde og avsluttar med ein nærmare analyse av nyare utviklingstrekk og reformar innanfor offentleg politikk og administrasjon som vektlegg kvalitet i offentlege myndigheiter og samfunnsstyring («quality of government» og «good governance»), og det som kallas ny offentleg styring eller «New Public Management» og «Post-New Public Management». The compulsory assignment must be approved in order to take the exam. Approved compulsory assignments are valid in the current and following two semesters.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande oversikt over kunnskapsstatus og utvikling i litteraturen om offentleg politikk og styring
- har avansert kunnskap om korleis offentleg politikk og styring analyserast ut i frå dei forskjellige etablerte perspektiva i faget
- kan anvende kunnskapen på fleire og nye område for offentleg politikk og styring
- kan analysera faglege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdets historie og eigenart
Ferdigheiter
Studenten
- har utvikla evne til kritisk tenking og kan gjennomføra uavhengig avansert analyse som vurdera, diagnostiserer og omhandlar offentleg politikk og styringsrelaterte utfordringar
- kan på ein sjølvstendig måte analysera og anvende eksisterande teoriar, fortolkingar og empiriske arbeide innanfor forskingsområdet
- kan anvende kunnskapen i eit sjølvstendig forskingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan diskutera, analysera og utnytta innhaldet i kurset for å svare på relevante forskingsspørsmål og forskingsmål
- kan anvende sine kunnskapar og ferdigheiter på fleire ulike politikkområde kan kommunisera om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor offentleg politikk og styring til fagfellar, relevante aktørar innanfor politikk, offentleg forvalting og til allmenningen
- kan bidra til teoretisk nytenking og utvikling av fagområdet samt anvende ulike forskingsmetoder.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
AORG101, AORG104, AORG103 / AORG107, AORG215
Studiepoengsreduksjon
- AORG322A (10 sp)
- AORG322B (10 sp)
- AORG318 (10 sp)
- AORG320 (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
6-8 førelesingar og 3-4 seminar. Studenten forventast å ta aktivt del i diskusjonen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Presentasjon av eit kortare essay (omlag 2000 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.
Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.
Vurderingsformer
Fire timars skuleeksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)
- Dato
- 10.03.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 24.02.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 2. etg.