Kvalitativ metode
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGOV323
- Talet på semester1
- SpråkNorsk eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Føremålet med kurset er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, trene studentane i å identifisere samanhengen mellom teori og data og å gjere dei i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar. Kurset vil lære studentane relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar i studiar av organisasjon og politikk med omsyn til å utvikle eit eige forskingsopplegg. Vidare vil kurset ta sikte på å presentere konkrete metodar for studentane slik at dei seinare kan velje frå ein brei meny av forskingsmetodar i arbeidet med masteroppgåva. Samstundes skal kurset gi studentane evne til å forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag som dei møter i samband med til dømes utarbeiding av litteraturstudiar. Eit gjennomgangstema på kurset vil være forskingsdesign, der vi tek sikte på å vise korleis dei ulike delane av forskingsprosessen står i høve til kvarandre. Endeleg er det eit mål å vise studentane korleis metodologiske val heng saman med ulike vitskapsteretiske tradisjonar.
Kurset har følgjande komponentar:
- Vitskapsteori og grunnleggjande omgrepsanalyse
- Forskingsdesign
- Case som forskingsstrategi
- Tekstanalyse og dokumentdata
- Kvalitativt intervju
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper
- Drøfte grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget
- Identifisere samanhengar mellom teori og data
- Forklare relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar
- Forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag
Ferdigheter
- Argumentera for val av metodisk tilnærming med utgangspunkt i ei problemstilling
- Anvende ulike metodar i empiriske analysar
- Integrere ulike metodar i eitt forskingsopplegg
- Konstruera velbegrunna forskingsopplegg
- Integrere dei ulike delane av ein forskingsprosess
Generell kompetanse
- Anvende ulike vitskapsteoretiske perspektiv for å begrunna eigne metodeval
- Utvikle eigne forskingsopplegg
- Bistå andre studentar i utvikling av forskingsopplegg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
AORG101, AORG104, AORG103 / AORG107 / AORG109, AORG215
Studiepoengsreduksjon
- AORG323A (10 sp)
- AORG323B (10 sp)
- AORG318 (10 sp)
- AORG320 (10 sp)
Krav til studierett
Emnet er for studentar som er tatt opp til masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
6-8 førelesingar og 3-4 seminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Presentasjon av eit kortare essay (om lag 2000 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.
Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.
Vurderingsformer
Skriftleg essay, om lag 5000 ord (+/- 10%)
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering eller som stryk på eksamen i undervisningssemesteret vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Essay (Ny eksamen)
- Innleveringsfrist
- 17.03.2023, 14:00
- Trekkfrist
- 03.03.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen