Kvalitativ metode

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Føremålet med kurset er å ta opp grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget til diskusjon, trene studentane i å identifisere samanhengen mellom teori og data og å gjere dei i stand til sjølv å kunne utvikle slike samanhengar. Kurset vil lære studentane relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar i studiar av organisasjon og politikk med omsyn til å utvikle eit eige forskingsopplegg. Vidare vil kurset ta sikte på å presentere konkrete metodar for studentane slik at dei seinare kan velje frå ein brei meny av forskingsmetodar i arbeidet med masteroppgåva. Samstundes skal kurset gi studentane evne til å forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag som dei møter i samband med til dømes utarbeiding av litteraturstudiar. Eit gjennomgangstema på kurset vil være forskingsdesign, der vi tek sikte på å vise korleis dei ulike delane av forskingsprosessen står i høve til kvarandre. Endeleg er det eit mål å vise studentane korleis metodologiske val heng saman med ulike vitskapsteretiske tradisjonar.

Kurset har følgjande komponentar:

  1. Vitskapsteori og grunnleggjande omgrepsanalyse
  2. Forskingsdesign
  3. Case som forskingsstrategi
  4. Tekstanalyse og dokumentdata
  5. Kvalitativt intervju

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

  • Drøfte grunnomgrep og arbeidsmetodar i faget
  • Identifisere samanhengar mellom teori og data
  • Forklare relevansen av positivistiske, hermeneutiske og diskursive forskingstilnærmingar
  • Forstå og drøfte kritisk metodar i andre forskingsbidrag

Ferdigheter

  • Argumentera for val av metodisk tilnærming med utgangspunkt i ei problemstilling
  • Anvende ulike metodar i empiriske analysar
  • Integrere ulike metodar i eitt forskingsopplegg
  • Konstruera velbegrunna forskingsopplegg
  • Integrere dei ulike delane av ein forskingsprosess

Generell kompetanse

  • Anvende ulike vitskapsteoretiske perspektiv for å begrunna eigne metodeval
  • Utvikle eigne forskingsopplegg
  • Bistå andre studentar i utvikling av forskingsopplegg

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar

AORG101, AORG104, AORG103 /  AORG107 / AORG109, AORG215

eller

GOV101, GOV104, GOV103 / GOV107 / GOV109, GOV215

Studiepoengsreduksjon
  • AORG323A (10 sp)
  • AORG232B (10 sp)
  • AORG318 (10 sp)
  • AORG320 (10 sp)
  • GOV353 (10 sp)
  • Krav til studierett

    Emnet er ope for studentar som er tatt opp til masterprogram ved Institutt for politikk og forvaltning.

    Innvekslingsstudenter på master nivå kan godtas etter søknad. Søknad kan avslås grunnet kapasitet.

    Arbeids- og undervisningsformer
    6-8 førelesingar og 3-4 seminar.
    Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Presentasjon av eit kortare essay (om lag 2000 ord) om eit pensum relatert tema. I tillegg skal kvar student minst ein gong kommentera eit skriftleg/munnleg bidrag frå ein annan student.

    Arbeidskravet må vere godkjent for å kunne ta eksamen. Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle semesteret samt dei to påfølgande semestra.

    Vurderingsformer

    Skriftleg essay, om lag 5000 ord (+/- 10%, unnteke fremside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar, og vedlegg).

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
    Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar A-F
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.