Masteroppgåve i politikk og forvaltning
- Studiepoeng60
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeGOV350
- Talet på semester2
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
60 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår og haust
Mål og innhald
I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling.
Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for administrasjon og organisasjonsvitskap. Oppgåvetema og problemstilling for masteroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematisk organiserte forskargruppene som til ei kvar tid strukturerer forskings- og seminarverksemda ved instituttet. Det vert forventa at du følgjer forskingsseminaret som forskargruppa organiserer i arbeidet med masteroppgåva. Du pliktar å følje eit av forskarseminara som di forskargruppe organiserar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- har inngåande kunnskapar om heile prosessen for eit forskingsprosjekt.
- har inngåande kunnskapar om metodologiske og forskingsetiske tilnærmingar
- har inngåande kunnskapar om vitskapleg tekstutforming og kjeldebruk
Ferdigheiter
Studenten:
- kan ta sjølvstendige val av tema, problemstilling og hypotesar
- kan velja relevant teoretisk og metodisk tilnærming.
- kan utvisa ei kritisk haldning til bruk av kjelder og informasjon, og har evne til sjølvstendig analyse og tolking.
- kan nytta seg av akademisk skrivemåte, argumentasjon og referansebruk.
- kan presentera og drøfta eige forskingsarbeid
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføra samfunnsvitskaplege undersøkingar på ulike tema og problemstillingar
- kan formidla og drøfte avanserte faglege arbeid og problemstillingar munnleg og skriftleg
- kan bidra med forskingskompetanse i utviklings - og organisasjonsendringsprosessar.
Krav til forkunnskapar
Eit av dei valfrie state of the art emna:
AORG325 / GOV325
AORG326 / GOV326
AORG327 / GOV327
AORG328 / GOV328
For studenter tatt opp høsten 2017 eller tidligere: AORG320, AORG321, AORG322, og AORG323.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
AORG350 (60 sp)
Krav til studierett
Emnet er reservert til studentar som er tatt opp på masterprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitenskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Deltaking på forskargrupper og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av framdriftsplan til fastsatt frist.
Presentasjon av utkast til masteroppgåve. Studenten skal minst ein gong pr. semester kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i inneverande semester og må fullførast kvart semester studenten er meld i emnet. Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avlegast.
Vurderingsformer
Innlevering av masteroppgåve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk.
Oppgåva skal vere frå 80 - 120 sider, unnteke framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg. Instituttet kan gi løyve til å skriva lengre oppgåver dersom særskilte faglege årsaker ligg føre. Grunngjeven søknad skal sendast til instituttleiar.
Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester
Vår og haust
Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad.
Litteraturliste
-
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet ved Institutt for politikk og forvaltning har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for politikk og forvaltning har det administrative ansvaret for emnet.