Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Gresk elementærkurs

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir gitt i første halvdel av vårsemesteret (på heiltid)

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål: studentane skal vere i stand til å lese og skjøne enkle greske tekstar med god grammatisk og leksikalsk innsikt.

Innhald: emnet gjev ei elementær innføring i gresk språk gjennom grammatikkundervisning og lesing av normaliserte greske prosatekstar. Dessutan blir det gitt ei første innføring i gresk historie og kulturhistorie, med særleg vekt på den klassiske perioden.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten har grunnleggjande kjennskap til gresk språk og grammatikk.

Ferdigheiter:

Kandidaten kan

- lese greske tekstar på eiga hand med bruk av grammatikk og ordbok
- analysere syntaktiske trekk i greske tekstar
- omsetje greske prosatekstar til eit moderne språk.

Generell kompetanse
Kandidaten kan

- setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
- arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Engelsk frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (over elementarboka) og øvingar i praktisk språkmeistring.

Om lag 48 timar, 3 gonger i veka første halvdel av semesteret.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må få godkjent:

1. Obligatorisk frammøte på førelesingane (minimum 75%).

2. Minimum 3 øvingsoppgåver i samband med undervisning.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen på 6 timar.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Pensum er ei elementarbok i gresk. I denne inngår gresk prosatekst, hovuddraga av den attiske grammatikken og ordlagingslæra. I pensum inngår dessutan ei framstelling av den greske historia og kulturhistoria.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for klassiske fag

Emneansvarleg

Fagmiljøet i klassiske fag

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen. Kandidatene finner sin egen romplassering på Studentweb 3 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Trekkfrist
    10.09.2019