Gresk: Attisk prosa

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar i første rekkje lesing av prosatekstar på den attiske dialekt frå den klassiske perioden (480-330 f.Kr.). Også tekstar på koine og attisistiske tekstar frå romersk keisartid kan inngå i studiet. Dessutan blir det gitt eit oversyn over historia til den greske litteraturen (med serleg vekt på dei forfattarane som blir lesne), ei innføring i gresk filosofi (med hovudvekt på Platon), og auka kjennskap til historie og kulturhistorie (serleg gjennom studium av kommentarar til dei tekstane som blir lesne).

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • auka kjennskap til gresk språk og grammatikk,
  • innsikt i det greske samfunnet og litteratura

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • lese greske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
  • identifisere former og analysere setningar på gresk ved hjelp av grammatikk.
  • omsetje enkle norske setningar til gresk.
  • gjere greie for viktige greske forfattarar, politikarar, og hendingar innanfor gresk litteratur og kultur.

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
GRE101 eller tilsvarande greskkunnskap.
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at eksamen i GRE102 er avlagt før studenten går opp til eksamen i GRE103.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar over delar av pensum og øvingar i praktisk språkbruk, m.a. gjennom omsetjingar frå norsk til gresk.

Om lag 52 timar (to dobbelttimar i veka).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Skuleeksamen på 6 timar med ordbok.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er til saman på omlag 80 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side), minst 50 av desse lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei handbok i gresk grammatikk og oversiktlege framstellingar av gresk litteratur- og filosofihistorie.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok er tillate på eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Programstyret for klassisk
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.