Gresk: Attisk drama

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet omfattar lesing av attiske dramatekstar, tragedie og/eller komedie, på originalspråket. Dessutan skal tre tragediar og ein komedie studerast i omsetjing. Tema frå moderne resepsjon av det greske dramaet kan óg inngå i studiet. Det blir vidare gitt ei innføring i filologiens historie, med serleg vekt på verksemda til Aleksandria-filologane.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • auka kjennskap til språk, stil og tematikk i det greske dramaet
  • auka kjennskap til gresk litteraturhistorie med vekt på tragedien og komedien i den klassiske epoke

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • lese metriske greske tekstar på eiga hand med bruk av ordbok
  • identifisere former og analysere setningar på gresk ved hjelp av grammatikk.
  • gjere greie for de viktigaste greske dramatiske poetar

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • arbeide med tekstar på andre språk ved hjelp av grammatikk, ordbok, tekstkommentar o.l.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga blir normalt gitt i haustsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum eitt av emna: GRE101, GRE102, GRE103, GRE104
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst tre av greskemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar over delar av pensumtekstane og andre moment i pensum.

Ein dobbelttime i veka.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Eksamen består av ei skriftleg prøve på seks timar, med omsetjing og litterær interpretasjon av valde delar av pensumtekstane (med ordbok), og spørsmål om metrikk, dialektlære og andre delar av pensum.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Haust. Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Pensum er på til saman omlag 75 sider gresk dramatekst (30 liner = 1 side), lesne i kommenterte utgåver. Dessutan inngår oversiktlege framstellingar av filologiens historie, ev. også resepsjonshistorie, og relevante delar av meir avanserte framstellingar av gresk litteratur- og religionshistorie, metrikk og språkhistorie.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium