Gresk: Stilskriving og attiske talarar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet tilbyr eit studium av eit utval tekstar frå dei attiske talarane (særleg Lysias, Demosthenes, Isokrates). Også retoriske tekstar frå keisartida (t. d. Dion Khrysostomos, Ailios Aristeides, Libanios, Gregorios frå Nazianz) kan inngå i studiet.

Det vil óg bli gitt ei innføring i historia til den klassiske retorikken, med lesing av sentrale teoretiske tekstar i omsetjing.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har

  • større kjennskap til gresk grammatikk og stilistikk gjennom analyse av dei tekstane som blir lesne
  • tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og kulturen studiet fokuserer på.

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • omsetje nivåtilpassa tekstar frå engelsk eller norsk til gresk
  • kan analysere, resymere og vidareformidle greske tekstar

Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • setje seg inn i den grammatiske strukturen i eit nytt språk
  • formidle kunnskap om grammatiske strukturar i gresk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Minimum eitt av emna: GRE101, GRE102, GRE103, GRE104
Tilrådde forkunnskapar
Avlagt eksamen i minst 3 av greskemna på 100-nivå.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Skrivekurs, ev. også førelesingar over delar av pensumtekstane.

Ein enkelttime i veka.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Eksamen består av ein skriftleg skoleeksamen på seks timar, der kandidaten skal omsetje ein tekst frå engelsk eller norsk til gresk med ordbok, og svare på spørsmål frå andre delar av pensum.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F.
Vurderingssemester
Vår. Det er òg moglegheit for vurdering tidleg hausten 2023. Frå og med våren 2024 vert eksamen berre tilbydd i undervisningssemesteret. For studentar med rett til ny vurdering vil det vere mogleg å ta ny eksamen i påfølgjande semester.
Litteraturliste
Pensum er på til saman omlag 100 sider gresk prosatekst (30 liner = 1 side). Minst 50 av desse sidene skal lesast i kommenterte utgåver. Dessutan inngår ei oversiktleg framstilling av klassisk retorikk og relevante delar av handbøker i grammatikk og stilistikk.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret for klassisk
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium