Gresk valemne
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeGRE303
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår/haust etter behov
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Gresk tekstpensum II:
Mål: Studiet vil gi studentane auka kjennskap til gresk språk og litteratur.
Innhald: Studenten les eit gresk tekstpensum, anten innan eit spesifikt felt definert etter sjanger, tema, periode, dialekt eller stil, eller et utval tekster frå ulike felt med sikte på brei kompetanse. Ei tilrådd inndeling er å lese prosa på GRE301, medan ein les drama og poesi på GRE303. I tillegg les ein på begge emna sekundærlitteratur om dei aktuelle greske tekstane.
GRE303 er eit valemne i mastergraden og kan dersom studenten ønskjer det bytast ut med eit av dei tilrådde valemna i studieplanen. Studenten melder seg då til eksamen i den respektive emnekoden og melder frå til instituttet om valt emne.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har
- inngåande kjennskap til gresk språk og grammatikk
- inngåande og detaljert kunnskap om valde greske forfattarar og tekster
- innblikk i forskinga på dei valde greske forfattarane og tekstene
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- omsette dei valde tekstane utan hjelpemiddel
- relatere greske tekster frå ulike sjangrar med kvarandre, den greske litteraturhistoria og den breiare historiske bakgrunnen
- tileigne seg hovudmomenta i innhaldet i ein ukjend gresk tekst utan hjelpemiddel
Generell kompetanse
Kandidaten kan
-forstå og gjere greie for samanhengar av litterær, historisk, overleveringsmessig eller språkleg art
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i gresk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga blir om råd er samordna med undervisninga på tilsvarande kurs på 200-nivå, elles i form av individuell rettleiing. Studentane skal også parallelt følgje dei metode- og oppgåveseminara som blir gitt ved fagmiljøet for å få metodisk og anna fagleg skolering som kan kome til nytte i tekststudiet.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg skuleeksamen på 6 timar.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår/haust etter behov
Litteraturliste
Pensum er på til saman omlag 200 sider gresk prosatekst (30 linjer = 1 side), eller 4000 linjer gresk vers, eller en vekta kombinasjon av vers og prosa; i tillegg skal ein velje eit utval sekundærlitteratur relatert til dei greske tekstane. Tekster blir valt av studenten i samråd med rettleiar.
Tekster som har inngått i bachelorgraden kan ikkje leggjast opp på nytt.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen
- Dato
- 13.12.2022, 09:00
- Varigheit
- 6 timer
- Trekkfrist
- 29.11.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen