Gresk: Teori og metode med prosjektførebuing
- Studiepoeng15
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeGRE308
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår/haust etter behov
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål: Studiet vil gi kandidaten kjennskap til klassisk filologisk og annen lingvistisk og litteraturvitskapleg teori og metode som blir nytta i studiet av greske tekster. Kandidaten skal arbeide mot å utarbeide ein sjølvstendig plan for masterprosjektet.
Innhald: Emnet kan og omfatte f.eks. innføring i epigrafikk, papyrologi, paleografi og/eller kodikologi, eller orientering i det vitskaplege studiet av monument frå antikken og mellomalderen. Kandidaten studerer teori og metode som har samanheng med emnet i masteroppgåva. Kandidaten leser seg opp på forskinga på feltet dei skal skrive oppgåve i, og utarbeider i den samanhengen ei prosjektskisse.
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten har innsikt i emnet og det teoretiske og metodiske grunnlaget for oppgåvearbeidet.
Ferdigheiter
Studenten har røynsle med å vurdere sentrale teoretiske og metodiske problem på grunnlag av greske tekster.
Generell kompetanse
Studenten har røynsle med å vurdere fagstoff av teoretisk og metodisk art.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i gresk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består av rettleiing. Ein deltar også på eit metode- og oppgåveseminar, som famnar om alle på masternivå. Utkast til prosjektskisse blir lagt fram til diskusjon i metode- og oppgåveseminaret.
Arbeidet med å tenke på emnet for masterprosjektet og prosjektskisse, bør starte i første semester parallelt med at ein les GRE301-303 og deltar i metode- og oppgåveseminaret.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Prosjektskisse, med eit omfang på omlag 4500 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Bestått/ ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår/haust etter behov
Litteraturliste
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for klassiske fag
Emneansvarleg
Fagmiljøet i klassiske fag
Administrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Kontakt
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Prosjektskildring
- Innleveringsfrist
- 16.05.2022, 13:00
- Trekkfrist
- 02.05.2022
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen