Hjem
Utdanning
Masteremne

Vitskapsteori og metode

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten god kunnskap om vitskapsteori, kvalitativ og kvantitativ metode samt mixed methods.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Studenten

  • har god kunnskap om og kan kritisk vurdere ulike vitskapsteoretiske utgangspunkt og paradigmer og kva dette har å seie for metodiske framgangsmåtar og rolla til forskaren
  • har inngåande kunnskap om kvalitativ og kvantitativ metode samt mixed methods
  • har god kunnskap om ulike typar kvalitative og kvantitative forskingsdesign og datakjelder
  • har god kunnskap om prinsipp for kvalitativ og kvantitativ analyse

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan beskrive og vurdere krav til vitskapleg kunnskap
  • kan grunngje val av forskingstema, utforme problemstillingar og identifisere eigna forskingsmetodar
  • kan drøfte sentrale metodiske omgrep for kvalitet innan kvalitativ og kvantitativ forsking

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere over og kommunisere sterke og svake sider ved kvalitativ og kvantitativ metode
  • kan vurdere vitskaplege studiar og litteratur frå relevante fagområde på ein kritisk, analytisk og systematisk måte
  • kan vurdere kor høveleg det er med kunnskapsbidrag frå kvalitativ og kvantitativ forsking for eige fagfelt

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern og helsefremjande arbeid og helsepsykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er samlingsbasert, og skjer på tre samlingar à to dagar. Det blir til saman gjeve 18 førelesingstimar og 12 timar seminar/gruppeorganisert undervisning. I tillegg kjem individuell og/eller gruppetilbakemelding på øvingsoppgåver, sjølvstudium og studenten sitt eige arbeid med oppgåver.

Det er venta at studentane set seg inn i relevant litteratur og arbeider aktivt i grupper.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

3 øvingsoppgåver knytte til læringsmålet for emnet.

Talet på ord: 1200 pr. oppgåve (litteraturliste ikkje inkl.).

Det er 80% obligatorisk frammøte på seminara.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 5 dagar.

Talet på ord: 3000 (litteraturliste ikkje inkl.).

Karakterskala

Ved sensur av emnet brukar ein karakterskalaen A til F.

Vurderingssemester

Haust

Det blir tilbyde eksamen i påfølgjande, undervisningsfrie semester. Studenten må ha bestått alle obligatoriske arbeidskrav i undervisningssemesteret.

Litteraturliste

Kjernelitteraturen for emnet utgjer ca. 1000 s.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Norsk og engelskspråkleg litteratur.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og emnet.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    02.12.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    06.12.2019, 12:00
    Trekkfrist
    18.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen