Hjem
Utdanning
Masteremne

Helsefremjande arbeid: Innføring i sentrale omgrep og teoriar

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Mål og innhald

Mål:

Emnet HEFR 331 tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning og tiltak innan sentrale emne knytt til helsefremjande arbeid. I arbeidet blir det sett fokus på individuelle og strukturelle tilhøve som har relevans for helseåtferd, helseoppleving og livstilfredsheit. Det blir lagt vekt på å skolere studentane i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritisk analyse av teoriutviklinga på feltet. Studentane er venta å vise fagleg forståing for og innsikt i aktuelle kunnskapsområde gjennom å arbeide med relevante problemstillingar både individuelt og i basisgrupper.

 

Innhald:

Emnet er sett saman av tre hovudtema; 1) helsefremjande arbeid, 2) helsepsykologi, 3) informasjonskompetanse .

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har fagleg forståing for og inngåande innsikt i helsefremjande arbeid, den historiske utviklinga og relevante omgrep
  • har omfattande kunnskap om internasjonale føringar og utfordringar for folkehelse og det helsefremjande arbeidet
  • har inngåande forståing for etiske utfordringar i helsefremjande arbeid
  • har god forståelse for helseomgrepet (frå biomedisinske til holistiske, salutogent, patogent)
  • har inngåande kunnskap om helsepsykologi og helsepsykologiens plass i det helsefremjande arbeidet
  • har innsikt i ulike teoriar og modellar for å forstå helseåtferd og utvikling og endring av helseåtferd.
  • har inngåande kunnskap om determinantar for helse, inkludert sosiale-, kulturelle-, samfunnsmessige-, sosioøkonomiske-, miljømessige og individuelle faktorar, og forståing av samanheng og samspel mellom desse
  • har inngåande innsikt i ulike teoriar og perspektiv (teoritradisjonar) for å forstå utvikling og konsekvensar av sosial ulikskap i helse
  • har omfattande innsikt i utviklingstrekka i norsk offentleg helsepolitikk
  • kjenner førande politiske dokument for norsk offentleg folkehelsepolitikk
  • har omfattande kunnskap om dei institusjonelle og organisasjonsmessige rammene for det helsefremjande arbeidet
  • har inngåande kunnskap om relevansen av kommunen og lokalsamfunnet si rolle i det helsefremjande arbeidet
  • har omfattande kunnskap om ulike informasjonskjelder som er relevante for helsefremjande arbeid
  • har inngåande innsikt i ulike former for relevans informasjonsressursar kan ha for faglege problemstillingar
  • kan presisere informasjonsbehov med utgangspunkt i faglege problemstillingar
  • kan bruke bibliotekportalen og søkje i fagleg relevante databasar
  • kan vurdere og rangere informasjon
  • kan bruke og kommunisere informasjon på ein etisk måte

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere samspel mellom individuelle og strukturelle forhold i utvikling av helse
  • kan analysere konsekvensar av sosial ulikskap for helsa til individet og befolkninga
  • kan analysere relevansen av tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid for helsefremjande arbeid
  • kan analysere konsekvensar av endringar i helsepolitikkkan bruke bibliotekportalen og søkje i fagleg relevante databasar
  • kan vurdere og rangere informasjon og kommunisere informasjon på ein etisk måte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere rundt teoriar og modellar i helsefremmende arbeid og helsepsykologi og kritisk grunngje vala i anvendelsen av dissekan søkje etter og vurdere litteratur og informasjon i tråd med etiske prinsipp
  • kan samarbeide om å utdjupe sentrale problemstillingar innan helsefremjande arbeid, vurdere kunnskap og foreslå tilnærming for å løyse ei problemstilling
  • kan analysere og diskutere konsekvensar av ulike verdisyn, dilemma og etiske spørsmål i tradisjonane innanfor helsefremjande arbeid
  • kan formidle sentrale kjenneteikn ved og utfordringar innan det helsefremjande arbeidet og offentlig politikk inkludert sosial ulikskap i helse
  • kan på ein god og strukturert måte formidle sentrale teoriar og tiltak for å arbeide helsefremjande frå eit salutogent, ressursorientert fokus
  • kan sjå samanhengen mellom kjeldebruk og fagleg kvalitet i eige og andre sitt arbeid

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masternivå.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studiet vekslar mellom ulike undervisnings- og arbeidsformer. Det blir lagt vekt på å stimulere studentane si evne til problemløysing, sjølvstende, evne til å finne og bruke relevante kjelder, refleksjon og kritisk tenking og evne til å presentere kunnskap. Gruppebaserte læringsprosessar blir nytta for å fremje studentane si evne til å samarbeide og løyse oppgåver i team.

Undervisingsmetodane inkluderer førelesingar, problembasert gruppearbeid, munnlege og skriftlege presentasjonar, samt sjølvstudium. Lærarane gir tilbakemelding til studentane på Oppgave 1 og Annotering 1. Studentane kan deretter revidera desse og leggja dei inn i vurderingsmappa.

Emnet går over 11 veker og samlet krever en innsats beregnet til 540 timer hvor circa halvparten er knyttet til forelesninger, seminarer og forberedelse til disse og halvpartnen er selvstendig lesetid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i basisgrupper for problembasert læring og presentasjon av gruppearbeid. Alle obligatoriske aktivitetar må vere gjennomførte og godkjente før vurderingsmappa kan sensurerast.

Vurderingsformer

Følgjande arbeid inngår i vurderingsmappa:


Oppgave på 1000 ord (+/- 10%) over ei problemstilling frå tema helsefremjande arbeid.

Oppgave på 1000 ord (+/- 10%) over ei problemstilling frå tema offentleg helsepolitikk.

Tre annoteringer på 300 ord kvar frå tre artiklar som studenten vel sjølv.

Det blir gjeve éin samla karakter på mappa.

Karakterskala

Ved sensur av mappe blir det brukt karakterskalaen A-F.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni for haustsemestere. Lista inneheld både norsk- og engelskspråkleg litteratur.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    01.11.2019, 12:00
    Trekkfrist
    18.10.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen