Hjem
Utdanning
Masteremne

Planlegging, implementering og evaluering i helsefremjande arbeid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Mål og innhald

Emnet Planlegging, implementering og evaluering tek sikte på å kvalifisere studentane til å drive forsking, undervisning, utvikling, implementering og evaluering av tiltak i samband med praktisk folkehelsearbeid. Det blir lagt vekt på å skolere studentane i grunnlagsteori, teoretisk grunngjeving for tiltak, og kritisk refleksjon relatert til teori og praksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten:

  • har overordna forståing av kunnskapsbasert praksis
  • har omfattande kunnskap om strategiar og teoriar for å planleggje, implementering og evaluere individ- og samfunnsretta tiltak for å fremje helse og velvere i ulike befolkningsgrupper
  • kjenner ulike døme på innovative tiltak der viktige prinsipp og strategiar er brukt i praksisfeltet
  • har inngåande forståing av verdien deltagelse og medverknad i planlegjing, implementering og evaluering i helsefremjande arbeid.

Ferdigheiter

Studenten:

  • kan vurdere og samanlikne kunnskap frå fleire fagområde for å sjå nærare på problemområda
  • kan bruke kunnskapen sin til å identifisere, vurdere relevansen av, argumentere for og gjennomføre helsefremjande og førebyggande intervensjonar
  • kan, med utgangspunkt i teoriar, modellar og empiri, nytte analyseverktøy og gjennomføre evalueringar av praktisk folkehelsearbeid i samarbeid med aktuelle aktørar.
  • kan analysere samspelet mellom individ og organisasjon

Generell kompetanse

Studenten:

  • kan trekkje slutningar frå fakta, teoriar og modeller og kan velje mellom alternative forklaringar og kritisk grunngje vala sine
  • tek ansvar i gruppeprosessar både for fagleg innhald og samarbeid i grupper
  • har evne til å vurdere eigen og gruppa sin innsats.
  • kan samhandle med praksisfeltet omkring innhenting av relevant informasjon for å vurdere kvaliteten på konkrete tiltak
  • kan stimulere til nytenking og innovasjon
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar med andre fag og sektorar samt med målgruppa
  • meistrar teamarbeid samt tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid.
  • kan vurdere, bruke og kommunisere informasjon på ein etisk måte

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masternivå.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vekslar mellom bruk av førelesingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Førelesingane er tenkt å hjelpe studenten til å få oversikt over vesentlege moment som kan vere til nytte i vidare individuelt og grupperelatert arbeid. I tillegg blir det nytta andre undervisnings- og arbeids- former som munnlege presentasjonar og skriftlege innleveringar. Emnet går over fem veker, med tre veker førelesing og tre veker praktisk prosjektarbeid i grupper som overlappar kvarandre.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Følgjande arbeidskrav må gjennomførast og godkjennast for at ein skal kunne gå opp til eksamen:

  1. Deltaking på praktisk prosjektarbeid i grupper
  2. Presentasjon frå gruppearbeid i praktisk prosjektarbeid

Vurderingsformer

Heimeeksamen over 4 dagar med innlevering av oppgåve på 3000 ord (+/- 10%).

Karakterskala

Ved sensur av emnet blir det brukt karakterskalaen A-F.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember for vårsemesteret. Lista inneheld både norsk- og engelskspråkleg litteratur.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret: studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf. 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    09.09.2019, 09:00
    Innleveringsfrist
    13.09.2019, 12:00
    Trekkfrist
    26.08.2019
    Andre opplysninger
    NB - trekkfrist 26.august
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen