Masteroppgåve i helsefremjande arbeid og helsepsykologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Hovudmålet med mastergradsoppgåva er å kvalifisere til vitskaplege arbeidsformer.

Mastergradsoppgåva skal skrivast som monografi. Studentane vert oppmoda om å omarbeide oppgåva til artikkel etter eksamen. Oppgåva skal fortrinnsvis vere ein empirisk studie. Det er imidlertid også rom for å skrive ei reint teoretisk oppgåve.

Oppgåva kan skrivast på engelsk. For språkbruksreglar vert det vist til APA-manualen.

Læringsutbyte

Generelt læringsutbytteEtter arbeidet med dette emnet skal studentane ha nådd følgjande generelle læringsutbytte:

KunnskapKandidaten:

  • har omfattande kunnskap om eit spesifikt tema innan helsefremjande arbeid/helsepsykologi

FerdigheiterKandidaten:

  • kan bruke sentrale forskningsprinsipp
  • kan analysere problemstillingar og datatilfang på ein systematisk og kritisk måte

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan gi ei nyansert, klar og presis framstilling av eit temaområde.

Spesifikt læringsutbytte

Det vert vidare forventa at kandidaten har nådd følgjande spesifikke læringsutbytte:

KunnskapKandidaten:

  • har ingåaende innsikt i temaet for mastergradsoppgåva og relevant teori og empiri som kan belyse problemstillingane i oppgåva

FerdigheiterKandidaten:

  • kan velje forskingsdesign i tråd med problemstillingane
  • kan velje og gjennomføre relevante analysetilnærmingar i tråd med type data og problemstillingar

Generell kompetanseKandidaten:

  • kan gi ei skriftleg framstilling som belyser dei valde problemstillingane på ein akademisk god og reflektert måte
  • kan arbeide sjølvstendig med eit omfattande forskingsarbeid
  • har evne til å fremje sjølvstendige vurderingar og refleksjonar knytta til forskningstemaet

Studiepoeng, omfang

60 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Studentane må ha gjennomført og greidd eksamen i HEFR331, HEFR342, HEFR343 og HEM303/HEM304 før dei kan ta HEFR395.
Tilrådde forkunnskapar
Metodekunnskap og akademisk skriving
Studiepoengsreduksjon
.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett/(masterstudenter) på Masterstudiet i Helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Sjølvstendig arbeid, og seminar haust og vår.

For å ha rett til individuell rettleiing av masteroppgåva og for å kvalifiserast til å kunne levere inn oppgåva må studenten levere ei godkjent prosjektskildring og signert rettleiingskontrakt i forkant av haustsemesteret jamfør spesifiserte innleveringsfristar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer

Innlevering av masteroppgåve på 70-90 sider. Framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg kommer i tillegg til dette. Oppgåva skal enten skrivast individuelt eller i par. Når to studentar skrivar samen aukast talet til 80-100 sider. Formkrav for oppgåva er spesifisert i rettleiingsheftet.

MERK: ChatGPT og andre KI-tekst generatorar er ikkje tillat i innleverte skriftlege arbeid undervegs og eksamenar.

Karakterskala
Ved sensur av masteroppgåva nyttast karakterskalaen A-F.
Vurderingssemester
Vår og haust.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere individuell for kvar enkelt masteroppgåve.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for helse, miljø og likeverd
Emneansvarleg
Institutt for helse, miljø og likeverd
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet ved Institutt for helse, miljø og likeverd