Hjem
Studentsider
Masteremne

Kvalitetsforbedring i helsetjenesten

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målsetninga med emnet er å gi studentene kunnskaper, ferdigheiter og haldninger i tilhøve til å forbetre og sikre kvalitet på helse- og omsutstenester.

Studentane skal blant anna få innsikt i:

  • Forventningar og krav til kvalitet frå pasienter og styresmakter
  • Kva for teoriar og metodar for kvalitetsforbedring som er mest relevante for norsk helsevesen
  • Korleis måle og vurdera kvalitet
  • Korleis utvikla og innføra eit kvalitetssystem i ei avdeling eller organisasjon
  • Korleis rettleia einskildpersonar, grupper og organisasjonar gjennom kvalitetsutviklingsprosessar
  • Kva for krav som vert stilt til leiarar som vil utvikla god kvalitet i ein organisasjon

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • Har kunnskap om førekomst og konsekvensar av kvalitetssvikt
  • Har kunnskap om korleis samfunnsmessig utvikling, rammebetingelser, fagleg utvikling og tilhøve ved helsetenesta påverkar kvaliteten
  • Har kunnskap om system, metodar og verktøy for forbetring av kvalitet, og styrkane og veikskapane deira

 

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan bruke relevant kunnskap for å avdekke og forstå ein kvalitetssvikt
  • Kan bruke relevant kunnskap og innøvde ferdigheitar til å planleggje, utføre og evaluere eit kvalitetsforbedringsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan bidra til systematisk kvalitetsforbedring i helsetenesta ved hjelp av tileigna kunnskap og ferdigheitar.

Krav til forkunnskapar

Studentane skal ha utdanningsnivå tilsvarande minimum bahelorgrad, i tillegg til minst to års erfaring frå helsetenesta.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Deltidsstudiet er lagt opp med 4 vekes-samlingar i Bergen. Studiet går over eit tidsrom på cirka 6 månader. Det må bereknast tid til sjølvstudium mellom samlingane. Ved sida av forelesninger består undervisinga av egenaktivitet i form av gruppebasert læring. Det vert gjeve høve til å analysera praktiske eller teoretiske problem med utgangspunkt i eigen praksis, og studenten presenterer oppgåver for kvarandre.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Minimum 80% oppmøte til undervisning

Gruppeoppgåve. Oppgåva vert presentert i plenum med påfølgjande diskusjon. Denne vert vurdert til bestått/ikkje bestått. Arbeidskravet må beståast før eksamen.

Vurderingsformer

Individuell heimeeksamen over eit oppgitt tema. Intern sensor og ekstern sensor.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Litteraturliste

Litteraturliste blir lagt ut på Mitt UiB.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert gjennom fortløpande tilbakemeldingar, evalueringssamling siste dag kvar samling, og elektronisk spørreundersøking i etterkant av kurset.

Kontakt

UiB Videre
Universitetet i Bergen
Postboks 7800, 5020 Bergen
Tlf.: 55 58 20 40
e-post: videre@uib.no

Administrativt ansvarlig:

Iselin Henriksen Kvamme Tlf: 55 58 93 31

https://www.uib.no/personer/Iselin.Kvamme

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    12.03.2021, 11:00
    Innleveringsfrist
    29.03.2021, 12:00
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen