Helseøkonomi
- Studiepoeng20
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeHELØK610
- Talet på semester2
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
20 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Emne på masternivå
Undervisningssemester
Haust og vår
Mål og innhald
Studentane skal få oversikt over grunnleggande omgrep i økonomifaget. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse omgrepa kan brukas til å vurdere styringsproblem i helsesektoren.
Studentane skal også få innsikt i metodar for vurdering av lønsemd av helsetiltak og behandlingsformer samt innsikt i økonomisk styring og verksemdplanlegging i helsesektoren.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har avansert kunnskap om korleis myndighetene kan påverke forhold som har mykje å seie for folks helse, korleis myndighetene kan betale aktørane som produserer helse- og omsorgstenester og kva incentivverknadar dei ulike betalingsmodellane kan gje.
- har avansert kunnskap om i kva grad marknadstankegang og bruk av konkurransestimulerande strategiar kan bidra til betre ressursbruk i sektoren.
- har brei kunnskap om korleis helse- og omsorgstiltak kan evaluerast, eksempelvis ved bruk av kostnadseffektivitetsanalyser, nyttekostnadsanalyser og kostnadsverdianalyser.
- har brei kunnskap om prinsippa for intern organisering og styring av helseinstitusjonar samt bruk av regnskap og andre rutinar for rapportering av økonomiske resultat.
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere utfordringane når det gjeld å prioritere bruken av knappe ressursar innan helse- og omsorgssektoren og moglege problem knytt til fordeling av helsetenester.
- kan analysere eigen verksemd i et principal-agent perspektiv.
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere kor tenleg ulike styringsmodellar og reguleringar er for eigen verksemd og for helse- og omsorgssektoren i stort.
- kan kommunisere kunnskap og perspektiv om styringsutfordringar i eigen verksemd og i sektoren.
Krav til forkunnskapar
Du må ha bachelorgrad, cand.mag.grad eller tilsvarende grunnutdanning av minimum 3 års omfang, samt minimum 2 års yrkespraksis fra helsetenesta i Noreg
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studiet er beregnet på helsepersonell med grunnutdanning av et omfang som minimum tilsvarer en bachelor-grad, og som har minst to års relevant yrkespraksis fra norsk helsetjeneste. Søkere med annen relevant utdanning, som for eksempel samfunnsvitere og økonomer, inngår også i målgruppen for programmet.
Arbeids- og undervisningsformer
Deltidsstudiet går over seks månader med undervising i to eller fire dagar pr. månad. Ved sida av forelesninger er det sett av tid til gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane held seg oppdatert på oppgitt litteratur og set av tid til sjølvstudium mellom samlingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein individuelle skriftlig oppgåve (2000 ord eller ca 5 sider), og ei gruppeoppgåve med eit sjølvvalt tema som gruppa har felles ansvar for (4000 ord eller 10 sider). I tillegg må man ha minimum 80% oppmøte til undervisning.
Vurderingsformer
Heimeeksamen
Karakterskala
Eksamen vurderes etter karakterskala fra A til F, der A er beste karakter og F er ikke-bestått.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06
Emneevaluering
Emnet vert evaluert gjennom fortløpande tilbakemeldingar.
Programansvarleg
Programutvalg for ledelse, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet.
Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
UiB Videre
Universitetet i Bergen
Postboks 7800, 5020 Bergen
Tlf.: 55 58 20 40
e-post: videre@uib.no
Administrativt ansvarlig:
Iselin Henriksen Kvamme Tlf: 55 58 93 31