Hjem
Studentsider
Masteremne

Helseleiing

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Høst + vår

Mål og innhald

Målet med studiet er å bidra til å styrkja kunnskapane til den enkelte student og ferdigheter som er naudsynt for å vera leiar i helsesektoren.

Studiet skal gje innsikt i:

  • Tilhøve som fremjar og hemmar god leiing i helsevesenet.
  • Korleis organisasjonsteori kan brukast som eit analyseverktøy i helsevesenet.
  • Sosialmedisinske grunnomgrep om helsa til folkesetnaden og sjukdom
  • Prioriterings- og effektiviseringsutfordringer i det norske helsevesenet
  • Reformer som på ulike nivå i helsevesenet dannar rammer for god leiing og organisering av den enkelte eininga
  • Tilhøve som fremjar og hemmar læring i kunnskapsorganisasjonar.
  • Kommunikasjon på tvers av ulike profesjonsgrupper
  • Samhandling og endringsleiing

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om helsepolitikk og oppbygging og leiing av helse- og omsorgstjenesten
  • har kunnskap om styrings- og leiingsutfordringar, inkludert dei store utfordringane som er knytt til samhandling mellom nivå og mellom profesjonar i helse- og omsorgssektoren
  • kan gjere greie for oppbygging og leiing innanfor helse- og omsorgssektoren

Ferdigheiter

Studenten

  • kan identifisere og analysere leiingsdilemma i helse- og omsorgssektoren

Generell kompetanse

Studenten

  • forstår nåtidig og historisk korleis medisinsk og helsefaglig verksemd har vorte og vert organisert, styrt og leidd
  • kan kritisk reflektere om leiing, administrasjon og organisering av helse- og omsorgssektoren

Krav til forkunnskapar

Studentane skal ha utdanningsnivå tilsvarande minimum bachelorgrad i tillegg til minst to års erfaring frå helsetenesta.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga vert konsentrert i fire ukessamlinger. Dei fire samlingane strekkjer seg over ein periode på eit halvt år. Oppstart er i haustsemesteret og eksamen på nyåret.

Førelesningar vert halde av lærebokforfattere, fagansvarlige, forskarar og reflekterte praktikere. Det vert lagt opp til ein dialogisk arbeidsform. Teoriar og omgrep frå pensum vert diskutert i plenum og i grupper, med utgangspunkt i eigne røynslene til deltakarane. At studiet er erfaringsbasert, tyder at røynslene til deltakarane aktivt vert brukt som ein ressurs i undervisinga.

Individuelle oppgåver vert opp følgt med rettleiing og presentasjon for kollegaer. Studentane må setja av tid til sjølvstudium mellom samlingane. Gjennom det nettbaserte støttesystemet Mitt UiB, gjevast det tilgjenge aktuell litteratur, timeplanar og annan informasjonsmaterial

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna gå opp til eksamen, må studenten få godkjent to arbeidskrav og ha minimum 80% oppmøte til undervisningen.

  1. Eit gruppearbeid som vert presentert munnleg i plenum, støtta av ein PPT-presentasjon
  2. Ei individuell skriftleg oppgåve på 6-7 sider, der studenten kan velja å ta utgangspunkt i ei aktuell problemstilling frå sin eigen arbeidsplass.

Vurderingsformer

Heimeeksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Kontakt

UiB Videre
Universitetet i Bergen
Postboks 7800, 5020 Bergen
Tlf.: 55 58 20 40
e-post: videre@uib.no post@evu.uib.no 

Administrativt ansvarlig:

Iselin Henriksen Kvamme Tlf: 55 58 93 31

https://www.uib.no/personer/Iselin.Kvamme

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    29.01.2021, 11:00
    Innleveringsfrist
    15.02.2021, 12:00
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen