Hjem
Utdanning

Emnebeskrivelse for HELFYT661 Radiologi for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning), haust 2019

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og videreutdanning

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

vår

Mål og innhald

Mål:

Gjennom undervisinga i radiologi er målet å gje studenten ei innføring i bildediagnostiske moglegheiter og avgrensingar, med vekt på bildediagnostikk med relasjon til bevegelsesapparatet. Studenten skal kunne fortolke beskrivingar av røntgenbilde, inklusiv CT og MR-bilde, og sette dei i samanheng med kliniske funn.

Innhald:

Undervisning i radiologi dekker metodelære, prosedyrelære, bildetolking, samt indikasjonar og algoritmar. Radiologiske funn vert knytt opp mot kliniske funn, med hovudvekt på muskel- og skjelettsystemet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har:

  • grunnleggjande kunnskap om radiologiske modalitetar, teknisk oppbygging og funksjon.
  • kunnskap om praktisk gjennomføring av undersøkingar med dei ulike modalitetar
  • kunnskap om prinsippa for bildetolking for diagnostikk av sjukdom v.hj.a. morfologiske og funksjonelle endringar som blir uttrykt i ulike typar bilde, f.eks. ultralyd, magnetisk resonans, computer tomografi og røntgenbilde

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • vurdere indikasjonar for bruk av ulike prosedyrar og kjenne til algoritmar for utgreiing av ulike kliniske problemstillingar.
  • basert på kliniske opplysningar og den radiologiske undersøkinga, tilpasse egna behandlingstiltak.

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • kommunisere om faglege problemstillingar, analysere og konkludere innanfor fagområdet, både med spesialister og til ålmenheita.

Krav til forkunnskapar

Søkere må dokumentere at de har bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarende og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må de levere inn dokumentasjon på at de har påbegynt eller fullført eit mastergradsstudium i manuellterapi som er jamngodt med klinisk matergradsstudium i manuellterapi ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Ei vekes grunnkurs i radiologi med fokus på nerve-, muskel- og skjelettradiologi: Hovudtyngda i grunnkurset representerer ei grundig innføring i bildediagnostikk med relasjon til nerve-, muskel- og skjelettsystemet. Bildetolking er relatert til dei viktigaste sjukdomane innanfor bevegelsesapparatet og differensialdiagnostiske vurderingar. Undervisningsmaterialet inneheld bilde frå ei rekke kasus eller pasientar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga er obligatorisk.

Vurderingsformer

Det vert halden ein 2-timers skriftleg eksamen med flervalgsoppgåver på slutten av vekeskurset. Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane.

Emneansvarleg

Torill Hystad, http://www.uib.no/personer/Torill.Hystad

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

UiB Videre
Universitetet i Bergen
Postboks 7800, 5020 Bergen
Tlf.: 55 58 20 40
e-post:videre@uib.no

Administrativt ansvarlig:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Studie@igs.uib.no