Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Differensialdiagnostikk og laboratorieprøver for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning)

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeHELFYT662
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Beskrivelse

Kurset Differensialdiagnostikk og laboratorieanalyse gir utvida kunnskap om medisinske tilstandar som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager. Kurset dekker sentrale fagområde som ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi, innan fagfelta nevrologi, revmatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelheit, smertepsykologi, indremedisin, onkologi og urologi.

Kurset inneheld også ei oversikt over laboratorieanalyser og kva for resultat relatert til klinikk som gir ein peikepinn om normalitet eller sjukdom. Det blir lagt vekt på det som er mest aktuelt i vanleg primærpraksis.  

Dette kurset blir ikkje tilbode ved UiB i 2020. Ta kontakt med Institutt for global helse og samfunnsmedisin dersom du har spørsmål.

Målgruppe

Fysioterapeutar som har eller held på med vidareutdanning i manuellterapi. Kurset er obligatorisk for dei som vil bli primærkontakt for pasientar med muskel- og skjelettplager.

Mål og innhold

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal få utdjupande kunnskap om medisinske tilstander som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager, samt få kjennskap til bruk av dei mest brukte laboratorieundersøkingar.

Innhald:

Innhaldet skal dekke sentrale fagområde ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi innan fagfelta nevrologi, reumatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelhet, smertepsykologi, indremedisin, onkologi, og urologi.

Det vert og ei innføring i laboratorieanalysar med gjennomgang av ulike laboratorietestar relatert til klinikk, med vekt på det som er mest aktuelt i vanlig primærpraksis. Det vert gjort greie for diverse laboratorieprøver (kva for, kvifor, normalverdiar, avvik, osv.).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har

* inngåande kunnskap og innsikt i patologi relatert til muskel- og skjelettplager, inklusive aktuelle differensial-diagnosar for denne sjukdoms-kategorien, samt innsikt i diagnostikkreiskap som laboratorie-analysar

* innsikt i systemiske tilstander som kan gi opphav til muskel- og skjelettsmerte

* kjennskap til relevante laboratorieprøver og deira diskriminerande evne ift alvorleg sjukdom. Studenten skal ha basiskunnskap om fagfeltet laboratorieanalysar relatert til klinisk bruk

Ferdigheiter:

Studenten

* kan fortolke teikn og funn frå underliggjande sjukdom

* kan om naudsynt henvisa pasientar til spesialisthelsetenesten

Generell kompetanse:

Studenten

* Har kunnskap om dei vanligste lidingane som kan forvekslast med symptom frå muskel-skjelett-lidingar

* Kjennar til regelverk knytt til henvisning og primærkontaktansvar.

Undervisning

Undervisninga er fordelt på to bolkar, ein undervisningsbolk i juni og ein i september.

Vurdering / eksamen

Eksamen er ei 2-timars fleirvalgsoppgåve.

Eksamen blir avvikla fredagen etter dei siste førelesingane.

Vurderingsresultatet blir gitt som bestått / ikkje bestått.
Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene.

Opptaks- og forkunnskapskrav

Du må dokumentere at du har bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må du levere inn dokumentasjon på at du har begynt på eller fullført eit mastergradsstudium i manuellterapi som er jamgodt med klinisk mastergradsstudium i manuell terapi ved Universitetet i Bergen.

Kontakt

Kontakt

For spørsmål om søknad og opptak:

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

For spørsmål om fagleg innhald:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin
v/ Iselin Kvamme
55 58 93 31
iselin.kvamme@uib.no

Tilgjengelege kurs

Ingen tilgjengelege kurs