Hjem

Utdanning

Emnebeskrivelse for HELFYT662 Differensialdiagnostikk og laboratorieprøver for manuellterapeutar (etter- og videreutdanning), vår 2019

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Studenten skal få utdjupande kunnskap om medisinske tilstander som kan forvekslast med muskel- og skjelettplager, samt få kjennskap til bruk av dei mest brukte laboratorieundersøkingar.

Innhald:

Innhaldet skal dekke sentrale fagområde ein brukar som bakgrunnsinformasjon ved utøving av manuellterapi innan fagfelta nevrologi, reumatologi, medikamentbruk, ortopedi, svimmelhet, smertepsykologi, indremedisin, onkologi, og urologi.

Det vert og ei innføring i laboratorieanalysar med gjennomgang av ulike laboratorietestar relatert til klinikk, med vekt på det som er mest aktuelt i vanlig primærpraksis. Det vert gjort greie for diverse laboratorieprøver (kva for, kvifor, normalverdiar, avvik, osv.).

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten har

* inngåande kunnskap og innsikt i patologi relatert til muskel- og skjelettplager, inklusive aktuelle differensial-diagnosar for denne sjukdoms-kategorien, samt innsikt i diagnostikkreiskap som laboratorie-analysar

* innsikt i systemiske tilstander som kan gi opphav til muskel- og skjelettsmerte

* kjennskap til relevante laboratorieprøver og deira diskriminerande evne ift alvorleg sjukdom. Studenten skal ha basiskunnskap om fagfeltet laboratorieanalysar relatert til klinisk bruk

Ferdigheiter:

Studenten

* kan fortolke teikn og funn frå underliggjande sjukdom

* kan om naudsynt henvisa pasientar til spesialisthelsetenesten

Generell kompetanse:

Studenten

* Har kunnskap om dei vanligste lidingarne som kan forvekslast med symptomer frå muskle-skjelett-lidingar

* Kjennar til regelverk knytt til henvisning og primærkontaktansvar.

Krav til forkunnskapar

Søkere må dokumentere at de har bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarende og norsk autorisasjon som fysioterapeut. I tillegg må de levere inn dokumentasjon på at de har begynt på eller fullført eit mastergradsstudium i manuellterapi som er jamngodt med klinisk matergradsstudium i manuellterapi ved Universitetet i Bergen

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning i differensialdiagnostikk og laboratorieanalysar vert gjeven i form av førelesningar, gruppearbeid, sjølvstudium, og er direkte knytt til kliniske eksempel og tilstander.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisninga er obligatorisk.

Vurderingsformer

Det vert halden ein 2-timers skriftleg eksamen med flervalgsoppgåver på slutten av vekeskurset. Karakteren Bestått krev rett svar på meir enn 60% av oppgåvene.

Karakterskala

Bestått / Ikkje bestått

Litteraturliste

Det vil bli oppgitt litteratur som skal danna utgangspunkt for læringsaktivitet til studentane.

Programansvarleg

Programutvalg for helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Jan Magnus Bjordal

http://www.uib.no/personer/Jan.Magnus.Bjordal

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

UiB Videre Universitetet i Bergen

Postboks 7800, 5020 Bergen

Tlf.: 55 58 20 40

e-post: videre@uib.no

Administrativt ansvarlig:

Institutt for global helse og samfunnsmedisin Studie@igs.uib.no