Hjem
Utdanning

Emnebeskrivelse for HELIKT620 Helseinformatikk, haust 2019

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Deltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

haust og vår

Mål og innhald

Målet til emnet er å gjere studentane i stand til å delta i IKT-arbeid i helsesektoren.

Innhald:

- samanhengar og organisering innanfor helseinformatikkområdet

- relevansen av riktig planlegging av IT-løysningar,

- korleis IT-løysingar kan brukast i kvalitetsforbetring.

- grunnleggande faguttrykk innanfor IT.

- vurdering av risiko

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:
Studenten forstår samanhengar, grunnleggjande oppbygging og organisering av IKT- utvikling.

Ferdigheiter:
Studenten:
*Har grunnleggjande kompetanse for deltaking i IKT-prosjekt, IKT- relatert utviklingsarbeid og i tekniske løysingar som skal leverast

*Kan forstå og beskrive IKT-funksjonalitetskrav

Generell kompetanse:
Studenten:
*Forstår IT- styringsprinsipp

*evnar å kunne kommunisere på tvers av IKT og klinisk fagområder

*kan bidra inn i strategisk IT-arbeid i klinikken

Krav til forkunnskapar

Emnet retter seg mot ansatte i helsesektoren med helsefaglig utdanning eller annen utdanning på minimum bachelornivå. Du må også kunne dokumentere minimum 2 års yrkespraksis

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar, gruppearbeid, prosjekt, førelesningar.

Omfang: 533 studietimar (20 studiepoeng)
Om det melder seg færre enn 18 studentar til emnet, kan instituttet velje å utsette undervisninga til året etter. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om dette like etter at fristen for å søkje er gått ut.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte (minimum 80 %)

Gruppeprosjekt

Individuelle prosjekt

Vurderingsformer

Hjemmeeksamen på to veker

Karakterskala

Karakterskala A - F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneansvarleg

Aslak Aslaksen

Kontaktinformasjon

UiB Videre (EVU)
Universitetet i Bergen
Postboks 7800, 5020 Bergen
Tlf.: 55 58 20 40
e-post: videre@uib.no

Administrativt ansvarlig:
Iselin H. Kvamme

Kontakt: iselin.kvamme@uib.no