Hjem
Studentsider
Masteremne

Introduksjon til helse og samfunn

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeHELSAM301
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Helse og samfunn er introduksjonsemnet i studiet, og gir ein overgripande innføring i folkehelse-utfordringar i dagens Norge. Komplekse problem hos utsette grupper som unge, eldre og flyktningar blir særlig vektlagt. Ein multifaktoriell forståing av dei største folkesjukdomane blir og tatt opp. Emnet diskuterer vidare helsevesenet si rolle i samfunnet og kva for prinsipp som ligg til grunn for prioritering av helsetilbod i ein befolkning der sjukdomsbyrde er ulikt fordelt. Problematikk knytt til helse og teknologi vert og drøfta.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten har:

  • omfattande kunnskap om korleis det norske helsevesenet er organisert og fungerer
  • innsikt i kva for helsebehov som eksisterer i den norske befolkninga
  • innsikt i ein multifaktoriell forståing knytt til sentrale helseutfordringar i befolkninga
  • innsikt i korleis ein prioriterar begrensa ressurser
  • innsikt i kva for grupper i samfunnet som har mest udekka behov for helsetenester
  • innsikt i viktige problemstillingar knytt til forholdet mellom helse og teknologi

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • reflektere rundt og vurdere kva som er dei viktigaste oppgåvene for helsevesenet i Norge
  • vurdere korleis ressursane bør fordelast på ein slik måte at alle får hjelp av helsevesenet når dei treng det, uavhengig av kjønn, alder, sosioøkonomisk - og etnisk bakgrunn

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • vurdere behov for helsehjelp opp mot andre viktige samfunnsoppgåver
  • vurdere komplekse problemstillingar relatert til sosial ulikhet og helse

Krav til forkunnskapar

Fullført helsefagleg bachelorgrad eller tilsvarande

Krav til studierett

Studierett på masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Følgjande arbeids- og undervisningsformer vert nytta:

- førelesningar med studentførebuande og - aktiviserande element

- gruppearbeid

- sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Oppgåveinnleveringar
  • Skriftlege tilbakemeldingar på medstudentar sine oppgåver
  • Skriftleg innlevering av abstrakt
  • Deltagelse og munnleg gruppepresentasjon på BRAK-konferansen

Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

Vurderingsformer

  • Individuell skriftleg oppgåve

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no