Hjem
Studentsider
Masteremne

Forskningsetikk og vitenskapsteori

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeHELSAM302
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi fagrelevant opplæring i vitskapsteori, metodologi og forskingsetikk. Det vert og lagt vekt på å gi fagrelevant opplæring i vitskapleg tenkjemåte, grunnlagsproblem og forskingsmessig tilnærming med relevans for dei ulike helsefaga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan:

  • Gjere greie for innhaldet i sentrale vitskapsteoretiske og metodologiske tradisjonar
  • Gjere greie for grunnleggjande vitskapsteoretiske - og metodologiske verktøy (omgrepsavklaring, klassifisering, logiske prinsipp)
  • Gjere greie for innhaldet i relevante forskingsetiske prinsipp og retningsliner

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Analysere og diskutere kunnskapsteoretiske problemstillingar knytt til eige fagområde
  • Reflektere over kunnskapsproduksjon i eige praksisfelt
  • Vurdere vitskapsteoretisk og metodologiske perspektiv i fagartiklar
  • Vurdere forskingsetiske og samfunnsmessige utfordringar knytt til eige fagfelt og bidra til nytenking
  • Utøve forskingsetisk skjøn i møte med konkret forskingsarbeid

Krav til studierett

Studierett på masterprogram i helse og samfunn. Andre studentar kan søkje om plass ved å kontakte studie.igs@uib.no.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer:


- Førelesingar med arbeidskrav på førehand

- gruppearbeid

- Sjølvstudium

- presentasjonar (munnleg og skriftleg)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaging i gruppearbeid
  • Munnleg gruppepresentasjon

Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåveinnlevering beståande av:

  • Essay (individuelt- eller gruppe-essay)
  • Individuelt refleksjonsnotat

Karakterskala

Bestått / ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år).

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:
studie@igs.uib.no