Hjem
Utdanning
Masteremne

Forskningsmetode

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi studenten grunnleggande kunnskap om ulike kvalitative og kvantitative forskingsmetodar brukt i helsefagleg forsking, og vanlege statistiske omgrep og analysemetodar. Studenten skal få trening i å analysere vitskaplege artiklar.

Innhald:

Emnet dekkjer forskingsmetodar som ulike typar forskingsintervju, ulike typar observasjon, dokumentanalyse, ulike typar studiedesign og vanlige statistiske omgrep og analysemetodar innan kvantitativ forsking. Grunnlagstenking i kvantitativ og kvalitativ forsking vert reist.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten har:

  • grunnleggande kunnskap om forholdet mellom forskingsspørsmål og metodisk tilnærming
  • grunnleggande kunnskap om kjernespørsmål knytt til gyldigheit i kvalitativ og kvantitativ forsking

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • vurdere forskingsmetodar i høve til aktuelle problemstillingar
  • gjere greie for vanlige deskriptive statistiske mål og prinsipp for hypotesetesting og generalisering

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • syne evne til kritisk refleksjon over metodebruk
  • anvende sine kunnskapar til analyse av forsking med ulike typar forskingsdesign

Krav til forkunnskapar

Fullført bachelorgrad eller tilsvarande

Krav til studierett

Studentar som er tatt opp til Masterprogram helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt studentaktive arbeids- og undervisningsformer, som:

  • Undervisninga vert basert på førelesningar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium
  • Fleirvalstest

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i gruppearbeid knytt til obligatoriske oppgåver

Gruppene jobbar med oppgåvene gjennom heile emnet

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Munnleg presentasjon av gruppeoppgåver med munnleg tilbakemelding frå faglærarar

Individuell skriftleg innlevering etter muntleg presentasjon

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering med emnerapport til studiekvalitetsbasen kvar 2. gong (4. år)

Programansvarleg

Programutvalet for helsefag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Una Ørvim Sølvik

Administrativt ansvarleg

Det medisinske fakultet v/ Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
Studie@igs.uib.no

Studie@igs.uib.no

 Studie@igs.uib.no

Tlf 55 58 61 00

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Oppgåve + presentasjon

    Innleveringsfrist
    25.10.2019, 14:00
    Trekkfrist
    01.09.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen